I botanisk hage i den rumenske byen Cluj, er fuglekikkarar i gang med å sette opp fuglekasser. Dei har fått pengar til å sette opp 1400 fuglekasser over byen. Fuglekassene skal først og fremst stimulere til interesse for biomangfald i byen.
Pengane har prosjektleiar Zoltan Benko brukt til mellom anna å kjøpe ein bil og å leige kontorlokale. Dei har også tilstellingar med ost og vin i den botaniske hagen i byen. For å auke interessa for fugl og biomangfald.
Fuglekikkarar i Latvia og Malta har også fått EØS-midlar. På Malta er fokuset på sporv, og i Latvia skal pengane bli brukte til å trekke til seg fugleinteresserte medlemmer.
Fugleprosjektet i Romania har fått om lag 700 000 kroner i EØS-stønad.
– Det er fem hundre kroner per fuglekasse, seier senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.
Han meiner dette er kostbare fuglekasser i eit lavkostland. Slagsvold Vedum har sjølv over hundre på garden sin utanfor Hamar. Han meiner at fuglekasser kan ein sjuåring spikre og sette opp nesten gratis.
- SJÅ EØS-PROSJEKTET: Polsk nytolking av Shakespeare (1,2 million)
- SJÅ EØS PROSJEKTET: Lydleik og robotkunst i Polen (kr 870 000)
Vikingar slår eit slag for EØS
På ei borg i Transylvania står to staute vikingar frå Trondheim Vikinglag. Dei lærer vekk sokalla «showfighting». Det er ein spektakulær fektekunst som er utvikla for å underhalde publikum.
- SJÅ EØS-PROSJEKTET: Frå Chopin og Tellefsen til det 21. hundreår i Polen (6 million)
Kursdeltakarane får også lære seg å sy mellomalderdrakter. I haust skal prosjektet kulminere i ein mellomalderfestival på den gamle borga Rasnov utanfor byen Brasov i Romania. Men før det skal dei rumenske deltakarane reise til Hamar for å delta på ein norsk vikingmarknad. Dette er viktig inspirasjon, fortel dei to instruktørane, som i ei veke har drive kurs på borga.
- SJÅ EØS-PROSJEKTET: Dokketeateret «Den blå planeten» i Polen (1 million)
Leiar for mellomalderprosjektet i Romania, Ingrid Galadriel Aune Nilsen, seier til NRK at prosjektet handlar om meir enn rollespel.
– Det handlar om fire ting, det handlar om kulturnæring, frivillig arbeid, bygging av nasjonal identitet og synleggjere positive sider ved rumensk kultur.
– Er dette eit prosjekt for eliten i Romania, eller er det eit breiddeprosjekt?
– Nå held til på langt ute på landsbygda med heilt vanlege menneske som er interesserte i historie og handverk, så eg vil heilt klart kalle det eit breiddeprosjekt, som veldig mange, spesielt barnefamiliar, vil få glede av, seier Galadriel Aune Nilsen til NRK.
- LES MEIR OM EØS-PROSJEKTET: Dikt frå Island og Polen (5,6 million)
Fremming av mangfald i kunst og kultur
Noreg gjev i perioden 2009-14, om lag 15 milliardar norske kroner, det er om lag 3 milliardar kroner i året til dei 16 fattigaste landa i EU. Island og Liechtenstein bidreg også med om lag 3 % av midlane.
Ifølgje prosjektportalen til EØS-midlane er det i denne perioden sett i verk 4317 prosjekt. Portalen lister også opp 27 programområde. Der NRK har funne dei fleste prosjekta er i programposten «fremming av mangfald i kunst og kultur.»
- LES MEIR OM EØS-PROSJEKTET: Historia om dei 497 bondesandalane i Romania (560 000)
Den er på 140 millionar kroner, fordelt på 155 prosjekt i åtte land. Men NRK har gjort stikkprøver i alle programpostane og valt å sette søkelyset på 49 prosjekt, mange i millionklassen.
Men samlar ein alle prosjekta innan miljø og kultur, er det over ein tredjedel av den totale potten på 15 millardar kroner. Dei største enkeltprosjekta innan miljø handar om biomasse i kolkraftverk og atomsikkerheitsprogram i kjernekraftverk.Omlag ein milliard kroner går til å pusse opp kulturarv, kyrkjer, museer, borger og liknande. Også rollespelprosjektet til Trondheim vikinglag ligg i under kulturarv-programposten.
Europaminister Vidar Helgesen seier til NRK at dei prosjekta NRK har trekt fram, berre er ein promille av dei totale EØS-midlane, og at dei store pengane blir brukt på fattigdomsbekjempelse og tiltak mot korrupsjon og liknande.
Han legg vekt på at Noreg berre legg føringar på programområda. Enkeltprosjekta er det mottakarlanda som står for. Dei må også spytte inn minimum 10% i egenandel. Vanlegvis er egenandelen 15%.
– No skal de øke EØS-potten i neste periode, vil det kome fleire «kreative» EØS-prosjekt?
– Vi skal legge vekt på, i hovudprioriteringane, å satse meir på å bekjempe ungdomsarbeidsløyse, vi kjem til å legge stor vekt på klimatiltak, stor vekt på justissamarbeid, og mindre på kultur, mindre på helse og andre tiltak, seier Helgesen til NRK.
- LES MEIR OM EØS PROSJEKTET: Korgfletting i Polen (1 million)
– For mange rare EØS-prosjekt
Men Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum er uroa for utviklinga. Det har blitt for mange rare EØS-prosjekt, meiner han. Og han fryktar mange millionar blir sløst vekk på prosjekt som ikkje bidreg til sosial og økonomisk utvikling.
– Desse prosjekta blir selt inn som utviklingsprosjekt for barn i naud, men so ser vi jo på mange av prosjekta at dei er veldig smale i forma. Dette er eit signal om at det er for mykje pengar i systemet og for lite gode prosjekt, seier Slagsvold Vedum til NRK.
Slagsvold Vedum meiner at EØS-midlane har blitt eit stort system, der for mykje pengar går ut, utan at nokon har full oversikt.
- LES OM EØS PROSJEKTET: Gjøkens dag i Romania (1,5 million)
Europaminister Vidar Helgesen legg vekt på at det er mottakarlanda som bestemmer kva prosjekt som skal få stønad. Noreg legg berre føringar på kva programområde som skal prioriterast.
- LES MEIR OM EØS-PROSJEKTET: Vi er ikkje aleine på klippene i Bulgaria (314 000)
– Vi skal vere varsame med å kritisere mottakarlanda for å bruke pengar på prosjekt vi godt kunne brukt skattebetalarane sine pengar på her i Noreg også, seier Helgesen.
Vidar Helgesen legg også vekt på at EØS-prosjekta også bidreg til å utvikle organisasjonslivet i mottakarlanda.
EØS-avtalen viktig for norsk velferd
Helgesen understrekar også at det norske EØS-bidraget gjev norske bedrifter tollfri tilgang til den indre marknaden i EU.
– Dette er med på å sikre den norske velferda, seier han til NRK.
EU og Noreg forhandlar no på overtid om eit nytt EØS-program, og regjeringa har gått med på å auke bidraget med 750 000, det er ein auke på om lag 5%.
- SJÅ EØS-PROSJEKTET: Portrett av kvinner i fiskeindustrien mm.
Slagsvold Vedum meiner regjeringa er alt for defensiv i forhandlingane.
– Dei står med lua i handa. Vi har glede av handel med EU, og EU har glede av handel med oss. Og da kan ikkje berre vi ukritisk gje masse pengar til dårlege prosjekt, seier Slagsvold Vedum.
– Elitistisk
Moderne kunst, dans og musikk har fått mange EØS kroner. Diktsamlingar og holografiske animasjonar. Nytolking av Shakespeare. Fjellklatrarar i Bulgaria, kjønnsforskarar i Polen og Portugal. Ein tsjekkisk doktorgradsstudent fekk vere med sosiologen Thomas Hylland-Eriksen på jobb.
- LES OM EØS-PROSJEKTET: Jazz i parken (1,3 millionar kr)
I til dømes det fattigaste landet i EU, Bulgaria, er det få som har tid eller råd til å drive med ein hobby som fjellklatring. Poesi og klassisk musikk er også noko som interesserer eliten meir enn vanlege folk i desse landa.
– Er det slike elitistiske prosjekt vi ynskjer å bruke norsk kulturpolitikk til? Det trur eg ikkje, og da må vi seie nei, vi kan ikkje halde fram med å pøse so mykje pengar inn i eit system som tydelegvis har for mykje pengar, seier Slagsvold Vedum.
- LES OM EØS-PROSJEKTET: Holografisk framstilling av byen Braila i Romania (850 000)
– Styrking av relasjonar likestilt mål
Det å styrke dei bilaterale relasjonane mellom Noreg og mottakarlanda er eit likestilt mål, skriv seniorrådgjevar Christian Grotnes Halvorsen i ein e-post til NRK. Han viser til artikkel ein i protokollane med EU.