Hopp til innhold

– 2015 er det varmaste året nokosinne målt

Verdas Meteorologiorganisasjon seier i dag at 2015 ligg an til å bli det varmaste året i verdshistoria. Om få dagar er nettopp verdas klima tema i Paris, når statsleiarar og klimaministrar frå heile verda kjem saman til toppmøte.

SWITZERLAND-CLIMATE-WARMING-UN-RECORD

Generalsekretær i Verdas Meteorologiorganisasjon, Michel Jarraud, viser fram ein plansje som viser at temperaturane på jordas overflate er varmare enn nokosinne.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Temperaturane på havoverflata er den varmaste nokosinne sidan målingane starta på midten av 1800-talet, opplyser Verdas Meteorologiorganisasjon (VMO). Og i 2016 kan det bli endå varmare.

– Dette er dårlege nyheiter for planeten, seier generalsekretær i VMO, Michel Jarraud.

2015 føyer seg dermed inn i rekka av år som dei siste tiåra har hamna på topplista over varme år. Åra frå 2011 til 2015 har vore den varmaste femårsperioden så langt, og heile åtte av dei siste ti åra er på topp-ti-lista over dei varmaste åra nokosinne.

Den urovekkande nyheita kjem strategisk nok rett før klimatoppmøtet i Paris, som startar neste veke.

Merkel: – Naudsynt med bindande avtale

Høge temperaturar på havoverflata fører til meir ekstremt vêr. Til dømes er årets utgåve av vêrfenomenet El Niño ekstra kraftig på grunn av høgare overflatetemperaturer i havet. Og på grunn av dette meiner ekspertane at verda står framfor mykje ekstremvêr.

Klimatoppmøtet i Paris startar på måndag, og det er venta at 144 stats- og regjeringssjefar skal vere med på møtet. Deriblant statsminister Erna Solberg og presidentane i USA og Kina.

(Saka held fram under biletet)

Climate Countdown France

I Paris gjer dei no dei siste førebuingane framfor klimatoppmøtet som startar neste måndag. Her frå utsida av møtelokala.

Foto: Christophe Ena / Ap

Også Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, skal til Paris, og ho seier i dag at møtet er nøydd til å ende i ein bindande klimaavtale. Merkel seier at ho håper at ein kan få til ein forpliktande avtale som kan føre til dette århundre vert ståande att som århundre for dekarbonisering.

Noreg opne for fossile kutt

Målet med klimatoppmøtet er å få på plass ein avtale som avgrensar den gjennomsnittlege oppvarminga til to grader over nivået før den industrielle revolusjon.

Erna Solberg har sagt til NTB at Noreg ikkje kjem til å gå mot forslag som på sikt kan ramme oljenæringa, sjølv om den næringa er viktig for Noreg.

– Me må halde oss til det som vert resultatet av forhandlingane. Det overordna for oss er å finne ei løysing på den største utfordringa for kloden, seier Solberg.

SISTE NYTT

Siste nytt