Hopp til innhold

43 al Qaida-folk drepne i Jemen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ifølgje styresmaktene i Jemen har 43 militante frå al Qaida blitt drepne i eit luftåtak.

Ein talsperson frå militæret seier at dei tysdag tok kontroll over eit fjellområdet i provinsen Lahj, sør i Jemen. Her skal dei ha funne bevis på at al Qaida hadde ein skjulestad, skriv AP.

Talspersonen ville ikkje stå fram med identitet fordi han ikkje hadde lov til å prate med media.

Offensiven utarta seg som eit overraskingsåtak i helga som var.

Al Qaida har utnytta den politiske uroen i Jemen det siste året til å ekspandere grupperinga i landet.

Åtak på oljeledning

Det er også kome melding om at al Qaida har teke på seg ansvaret for å sprengje ein oljeledning i Jemen måndag kveld, skriv Al Arabiya.

Det skal vere ein hemnaksjon for eit amerikansk droneåtak på fredag, då fem personar vart drepne.

SISTE NYTT

Siste nytt