Hopp til innhold

130 flyktningar sakna i Middelhavet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Rundt 130 personar er sakna i Middelhavet etter at ein båt med flyktningar frå Nord-Afrika gjekk ned i natt.

Båten kom ut for vanskelege forhold og gjekk ned like sør for den italienske øya Lampedusa.

15 personar er funne omkomne, medan 48 personar er henta opp frå sjøen i live, melder nyheitsbyrået AFP.

– Vi har redda 48 personar i live, medan 15 døde personar er sett frå helikopter, fortel talsmann for kystvakta Vittorio Alessandro.

Redningsvestar i sjøen

Kraftig vind og høge bølgjer har gjort det vanskeleg for helikopter frå både kystvakta og politiet å drive redningsarbeid. Rundt 130 personar er framleis sakna.

– Vi håpar framleis. Båtane våre og helikoptera har kasta alt mulig av redningsvestar og livbåtar i sjøen for å hjelpe folk å halde seg i live, seier Alessandro.

Det skal ha vore om lag 200 personar om bord i den 13 meter lange båten då han kantra i natt. Dei fleste passasjerane skal ifølgje kystvakta ha vore frå Eritrea og Somalia.

Manglar vatn og mat

Fleire tusen ulovlege immigrantar frå Nord-Afrika har kome til det sørlege Italia til no i år. Dei fleste av dei har sikta seg inn på øta Lampedusa, som ligg om lag 150 kilometer frå den tunisiske kysten.

Då NRK sjølv var på Lampedusa i slutten av mars, kunne ein sjå folk som budde i provisoriske telt av presenningar og plastposar. Flyktningane som var på øya, hadde verken mat eller vatn.

Sjå heile rapporten frå NRK-korrespondent Hege Moe Eriksen frå Lampedusa HER.

Flyktningar på Lampedusa

Fleire tusen flyktningar frå Tunisia har teke seg til den italienske øya Lampedusa

Foto: TONY GENTILE / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt