Hopp til innhold

10.000 mindreårige flyktningar sporlaust borte

Minst 10.000 mindreårige flyktningar har forsvunne frå europeiske asylmottak dei siste to åra. Europol fryktar at mange av dei har hamna i klørne til organiserte kriminelle grupper.

Flyktningborn på Lesvos i Hellas.

Europol meiner at minst 10.000 einslege mindreårige har forsvunne frå europeiske asylmottak dei siste to åra. Desse borna kom til Lesvos i Hellas frå Tyrkia.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

Brian Donald, stabssjef i Europol, Det europeiske politisamarbeidet, seier at talet 10.000 truleg er for lågt. Han fortel at dette er mindreårige som kjem til Europa utan foreldre eller andre vaksne føresette. Dei registrerer seg hos styresmaktene i landet dei kjem til, og så blir dei berre borte.

5000 born har forsvunne berre i Italia, og talet i Sverige er minst 1000. Brian Donald seier at ein sofistikert kriminell infrastruktur rettar verksemda si direkte mot mindreårige flyktningar.

– Eitt mål for auget

Europols hovudkvarter i den Haag i Nederland.

Hovudkvarteret til Europol i den Haag i Nederland.

Foto: Peter Dejong / Ap

Denne verksemda har vakse fram i løpet av dei siste 18 månadene, og har berre eitt mål for auget: Å tene pengar på flyktningstraumen. Donald meiner desse gruppene driv regelrett menneskehandel, melder The Guardian .

– Ikkje alle dei sakna borna blir utnytta av kriminelle, truleg er mange også tekne hand om av familiemedlemer. Problemet er at vi ikkje veit kvar dei er, kva dei gjer eller kven dei er saman med, seier han.

Organisasjonen Redd Barna reknar med at det i fjor kom 26.000 einslege mindreårige til Europa. Europol trur at 27 prosent av dei rundt ein million menneska som kom til Europa i fjor, var mindreårige, altså rundt 270.000.

– Alle desse kom ikkje åleine, men vi har bevis for at mange av dei ikkje kom saman med foreldre eller andre vaksne. Talet på 10.000 som har forsvunne er nok eit konservativt anslag, seier Brian Donald.

Rekordmange sender ungar til Noreg

UDI tror innstrammingene vil halvere asylstrømmen

Slavearbeid

Europol har også oppdaga eit tett samarbeid mellom grupper som smuglar flyktningar inn i Europa, og andre kriminelle grupper som utnyttar born som sex-arbeidarar og til anna slavearbeid.

Europol-stabssjefen ber folk vere årvakne i sitt nærmiljø, fordi dei forsvunne borna bur i vanlege nabolag og er synlege.

– Desse borna bur blant andre menneske. Dei er ikkje stengt inne i hytter langt ute i skogen, sjølv om kanskje nokre er det. Som innbyggjarar må vi vere klare over at dei lever blant oss, seier Donald.

Hit kommer det flere mindreårige flyktninger enn det er avgangselever

– En hån mot kommune-Norge at staten ikke betaler

Også her i landet

781 mindreårige har forsvunne sporlaust frå norske asylmottak sidan 2013, og av desse hadde 179 status som einslege, melde Dagsavisen tidlegare denne månaden.

I heile fjor forsvann 2207 asylsøkjarar frå mottak her i landet utan å melde frå om ny adressa, slik dei pliktar å gjere. Det utgjer sju prosent av dei 31.145 asylsøkjarane som kom til Noreg i 2015.

I desember melde VG at nesten 13500 asylsøkjarar, både born og vaksne, hadde forsvunne frå norske mottak dei siste ti åra.

SISTE NYTT

Siste nytt