Hopp til innhold

Betalte over to millionar for drapsvåpen

Ei kvinne har kjøpt våpenet som vart brukt då ein vaktmann skaut ein uvæpna svart tenåring i Florida i 2012, for over to millionar kroner. Våpenet er ei gåve til sonen hennar, blir det opplyst.

George Zimmerman Pistol

Ein politimann viser fram våpenet George Zimmerman brukte, og som no er auksjonert bort. Biletet er frå rettssaka mot Zimmermann.

Foto: Joe Burbank / Ap

George Zimmerman jobba som frivillig nabolagsvakt i Sanford i Orlando i Florida då han for fire år sidan skaut og drap 17 år gamle Trayvon Martin . Martin var uvæpna, og skal ha vore inne i ein kiosk for å kjøpe godteri.

Zimmermann sa at han handla i sjølvforsvar, og han vart frifunnen i retten . Denne avgjerda skapte sterke reaksjonar i USA, og førte blant anna til at den nasjonale rørsla Black Lives Matter (Svarte liv betyr noko) vart starta. Rettsavgjerda leidde også til alvorlege samanstøytar mellom politi og demonstrantar i fleire byar i USA.

Internett-auksjon

Trayvon Martin

Trayvon Martin vart skoten og drepen i Stanford i Florida i 2012. No er våpenet som vart brukt auksjonert bort for over to millionar kroner.

Foto: Ap

Nyleg gjorde Zimmerman det klart at han ville leggje våpenet han brukte, ein Kel-Tec PF-9, 9 millimeters pistol, ut på ein auksjon på Internett. Normal marknadspris for ein pistol av denne typen er rundt 350 dollar, i underkant av 3000 kroner, melder BBC.

I dag blir det meldt at våpenet vart selt for 250.000 dollar, vel to millionar norske kroner, og at kjøparen er ei anonym mor som vil gi pistolen i bursdagsgåve til sonen sin.

Kjelda til denne opplysninga er Denny Honeycutt, ein bar-eigar frå Florida, som uttalar seg til avisa Daytona Beach News Journal. Honeycutt var sjølv med på bodrunden, og seier til avisa at Zimmerman opphavleg hadde akseptert hans tilbod på 150.000 dollar.

Sterke reaksjonar

Salet av drapsvåpenet har fått mange til å reagere, blant andre familien til Trayvon Martin. Advokaten deira, Benjamin Crump, seier til Fox News at auksjonen er fornærmande, uhyrleg og krenkande.

Trayvon Martin

Det var store demonstrasjonar mot frifinninga av George Zimmerman over heile USA.

Foto: JONATHAN ALCORN / Reuters
George Zimmerman

George Zimmerman fotografert i retten.

Foto: Joe Burbank / Ap

USAs president Barack Obama sa at «Trayvon Martin kunne ha vore meg for 35 år sidan»

Tilhengjarar av dei liberale våpenlovene i USA seier på si side at George Zimmerman berre har nytta seg av dei lovlege rettane han har ifølgje den amerikanske grunnlova.

Auksjonen vart først ut på nettstaden GunBroker, men desse trekte seg etter den massive kritikken mot salet. UnitedGunGroup tok deretter over auksjonen, etter ein mellombels stans.

– Kamp mot Hillary Clinton

Før våpenet vart lagt ut for sal sa George Zimmerman at han ville bruke ein del av pengane til kjempe mot presidentkandidaten Hillary Clinton. Han sa også at han ville bruke pengar til å kjempe mot Black Lives Matter, som i følgje han eggjar til valdsbruk mot politi og frivillige vakter.

SISTE NYTT

Siste nytt