Hopp til innhold

- Skjul alle kvinnelege former

Styresmaktene i Iran åtvarar no turistar og andre utlendingar som oppheld seg i landet mot å kle seg usømeleg.

Denne kvinna har ikkje skjult formene sine godt nok.
Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / REUTERS

Det er særleg kvinnene som skal passe seg.

Hovudet skal vere dekt til, og "alle kvinnelege former" skal også skjulast. Sivilkledde politifolk skal overvake at alle etterlever kleskoden.

- Vi har gitt beskjed til alle reisebyrå om å åtvare turistane mot å bryte reglane, og å forklare dei lovene i dette landet, seier visepolitisjefen i Teheran, Hossein Sajedi-Nia.

 

 

Eksempel på ei usømeleg kledd kvinne i Teheran.
Foto: HASAN SARBAKHSHIAN / AP

Det er ikkje berre utlendingar som skal pasasst på.

Den siste tida har det iranske moralpolitiet, som også passar om det er upassande kontakt mellom menn og kvinner i det offentlege rom, har gåande ein storaksjon mot usømeleg kledde kvinner i Teheran

Berre dei 10 siste  dagane har politiet gitt 10.000 åtvaringar til kvinner som ikkje har vore kledd etter reglane i den islamske republikken. Fleire av dei har blitt tekne med til kortare opphald på lokale politistasjonar.

Og den iranske politisjefen, Esmaeel Ahmadi Moghadam, seier at påbodet ikkje blir oppheva. Han gjer det klart at dette er naudsynt for at kvinner skal få gå i fred på gata.

- Slik det er no, er det ikkje mogleg for ei kvinne å få gå i fred til offentlege bad, symjebasseng eller hotell, seier han. Han siktar til at det ikkje er eit uvanleg problem i Irak at kvinner blir snikfotograferte på gata.

Det er ikkje berre kvinner som må passe seg i Iran. Tidlegare denne veka gjekk det ut eit forbod mot upassande hårfrisyrar på menn. Det er særleg det vestlege påfunnet med hårgele og skum det iranske prestestyret vil til livs.

  

 

Iransk politi med storaksjon mot kvinner som bryt kleskoden.
Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / REUTERS

Styresmaktene i Iran vil først og fremst få slutt på det faktum at svært mange iranarar, spesielt i hovudstaden Teheran, har eit vestleg levesett.

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt