Hopp til innhold

- Nato ber Tyrkia «halde hovudet kaldt»

Nato-ambassadørane, som var samle til krisemøte i Brussel i ettermiddag ber tyrkiske styresmakter om å «halde hovudet kaldt», etter at Tyrkia i dag skaut ned eit russisk kampfly i grenseområdet mellom Syria og Tyrkia.

Russisk fly skutt ned

Det russiske flyet vart skote ned i grenseområdet mellom Tyrkia og Syria.

Foto: HABERTURK TV CHANNEL / Epa

Diplomatar som var til stades på krisemøtet i ettermiddag, seier til Reuters at ingen av dei 28 Nato-ambassadørane forsvarte dei russiske luftaktivitetane i grenseområdet, men det var det fleire som gav uttrykk for at Tyrkia heller burde ha eskortert det russiske flyet ut av tyrkisk luftrom.

– Det er andre måtar å handtere slike saker på, seier ein anonym diplomat til Reuters. Offisielt stiller Nato seg bak medlemslandet Tyrkia, men ifølgje Reuters var fleire ambassadørar kritiske til nedskytinga.

– Ro og nedtrapping

Jens Stoltenberg

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg ber om ro og nedtrapping etter nedskytinga av det russiske flyet.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg gjer det klart at Nato stiller seg solidarisk med Tyrkia, og legg til at undersøkingar viser at det russiske krigsflyet var inne i tyrkisk luftrom. Han ber samstundes om ro og nedtrapping i den alvorlege situasjonen som har oppstått etter nedskytinga av flyet.

Stoltenberg sa etter møtet at det ikkje har vore direkte kontakt mellom Nato og Russland etter nedskytinga. Han bad også Russland om å konsentrere angrepa sine i Syria mot terrororganisasjonen IS, og minte om at dei fleste russiske angrepa var retta mot område der IS ikkje er til stades.

Han streka også under at den felles fienden er IS, og at Nato støttar alle forsøk på å kjempe mot dei. Det må også vere rettesnora for Russland, sa den tidlegare norske statsministeren.

– Vi må hindre fleire slike hendingar. Eg oppmodar til ytterlegare kontakt mellom Ankara og Moskva, sa Stoltenberg blant anna. Samstundes seier ein talsmann for det russiske forsvarsdepartementet at dei stansar all kontakt med det tyrkiske militæret.

Putin truer Tyrkia med konsekvenser

Nedskyting av russisk fly: – Her ligger piloten ubevegelig på bakken

Russland advarer turister mot å reise til Tyrkia

Jens Stoltenberg oppfordrer til ro og nedtrapping fra Tyrkia og Russland etter ektraordinært NATO-møte

VIDEO: Jens Stoltenbergs pressekonferansem,

Mørklagt hovudkvarter

Den alvorlege situasjonen etter den tyrkiske nedskytinga av det russiske flyet fekk ein ekstra dimensjon før møtet i dag, då heile Nato-hovudkvarteret vart mørklagt. Først ein halvtime før møte skulle starte var straum og nettsamband tilbake, etter at feilen på det elektriske anlegget vart ordna.

Det var Tyrkia som bad om hastemøtet etter at dei skaut ned det russiske krigsflyet, som Tyrkia hevdar hadde krenkt luftrommet deira. Russland avviser dette og seier at flyet var på syrisk side av grensa.

Ein amerikansk talsmann sa i ettermiddag at det verka som det russiske flyet var inne over tyrkisk luftrom i nokre få sekund. Pentagon-talsmann Steve Warren stadfestar samstundes at det russiske kampflyet fekk ti åtvaringar over radio før nedskytinga.

Uro i FN

Han kunne ikkje seie om det russiske flyet var i syrisk- eller tyrkisk luftrom då det vart skote ned.

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, seier at han er sterkt uroa over nedskytinga av det russiske flyet, og han oppmodar alle partar som er med i krigen mot IS i Syria om koordinere aktivitetane sine.

Saka blir oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt