Hopp til innhold

– Berre tull at Russland har utrydda oss

– Vi har retta massive angrep mot området der dei russiske pilotane landa etter nedskytinga. Alle terroristane er utrydda, seier ein russisk talsmann. – Berre tull. Russland bombar berre sivile, seier brigadesjefen for opprørarane i området til NRK.

Brigadesjef Taeser Darouesh i den turkmenske brigaden

Brigadesjef Taeser Darouesh og hans turkmenske opprørsgruppe er ikkje ramma av dei russiske luftangrepa.

Foto: Privat

– Så snart piloten vår var trygg, gjekk russiske bombefly og syriske artilleristillingar til massive og langvarige angrep. Alle terroristane og andre mystiske grupper i området er utrydda, sa forsvarstalsmann Igor Konasjenkov til fleire russiske nyheitsbyrå i kveld.

– Dette er berre tull. Vi er her, vi er ikkje utrydda. Det russarane gjer er å bombe sivile, sa brigadesjef Taeser Darouesh i ei turkmensk opprørsgruppe som kjempar mot dei syriske regjeringsstyrkane, til NRK like etterpå. Det var denne gruppa som tok livet av ein av dei russiske pilotane etter nedskytinga sist tysdag.

– Feil om pilot som overlevde

Russisk fly skutt ned

Eit russisk bombefly vart skote ned av tyrkiske F16-fly tysdag. Ein av pilotane overlevde, den andre vart drepen av syriske opprørarar.

Foto: HABERTURK TV CHANNEL / Epa

NRK snakka med Darouesh på telefon like etter at russiske nyheitsbyrå sende ut meldinga om at alle terroristane og andre mystiske grupper i området var utrydda. Darouesh seier dette er russisk propaganda.

Han hevdar at russarane ikkje snakkar sant når dei hevdar at den andre piloten er berga og er inne på ein russisk flybase i Latakia-provinsen. Mannen (sjå videoen) som i går stod fram og fortalde korleis han vart berga, må vere ein annan, seier han.

– Dette gjer russarane for at vi skal slutte å leite etter han. Vi har hatt GPS-sporing på flygaren, og han er framleis i området, seier Darouesh til NRK. Han fortel at flygaren no har slått av GPS-en sin, fordi han veit at opprørarane leitar etter han.

– Meir forsiktige

Brigadesjefen seier også at det er tydeleg at russarane har endra haldning etter nedskytinga tysdag. Dei tek ikkje lenger sjansen på å krysse den tyrkiske grensa, men ser ut til å passe på å halde seg på syrisk side.

Han stadfestar at det går føre seg harde kampar om området der ein av dei russiske pilotane vart drepen. Syriske regjeringsstyrkar, støtta av russiske fly, har gjennomført angrep, men området er framleis på opprørarane sine hender, seier Daroush.

Dette skal være Konstantin Murakhtin som møtte pressen på Hmeymimbasen i Syria onsdag.

VIDEO: Slik viste russisk fjernsyn fram piloten som overlevde.

Konasjenkov opplyser at det russiske flyvåpenet har gjennomført 134 bombetokt i dei siste tre dagane, og at 449 mål vart angripne.

– All grunn til å vere kritisk

Tor Bukkvoll

Russland-ekspert Tor Bukkvoll meiner det er grunn til å kritisk til informasjon frå begge sider.

Foto: NRK

Seniorforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) og Russland-ekspert Tor Bukkvoll seier at det er grunn til å vere kritisk til alle opplysningar som kjem frå partane i ein krig. Når russarane seier at dei har utrydda alle terroristane, så må ein vere klar over at det er avgrensa kor mykje ein kan oppnå med bomber åleine.

– Det er lite truleg at ein kan fjerne ein trussel berre med bomber. Bomber er meir ei støtte til bakkestyrkar, seier Bukkvoll.

Når det gjeld påstanden frå opprørarane om at Russland ikkje snakkar sant om piloten som overlevde, så meiner han det er like liten grunn til å stole på opprørarane som på russarane.

SISTE NYTT

Siste nytt