Hopp til innhold

- Eg vil laga Disney-jul

Det er lenge til lukta av pinnekjøtt og ribbe fyller norske heimar, men Kurt Nilsen og KORK er allereie i gong med å gjera gode gamle Disney-julesongar gryteklare.

Video Kurt og KORK lagar juleplate

VIDEO: Kurt Nilsen er spent på resultatet etter at han fredag hadde siste innspelingsdag for ei ny juleplate saman med KORK.

Disney-klassikaren «When You Wish Upon A Star» er blant låtane som popartist Kurt Nilsen og Kringkastingsorkesteret (KORK) har plukka ut eit julealbum som dei no går saman om å laga.

Sjølv om adventstida enda er langt unna, var popartisten og symfonien i dag samla for å leggje siste handa på verket i innspelingsfasen av den kommande juleplata.

– I dag er stemninga ganske nervøs, men vi har det veldig koseleg saman, seier Nilsen til NRK.

- Fantastisk

Det er berre eit lite knippe norske artistar som har fått spele saman med KORK. DDE, Vamp, Bjørn Eidsvåg og Halfdan Sivertsen er blant dei som har gjort det før. No er det Nilsen som får med seg NRK-orkesteret på laget.

– Det er fantastisk å få lov til å spele saman med KORK. I løpet av den siste veka har me laga masse musikk som eg gler meg til å gje ut, seier den tidlegare Idol-vinnaren som blant anna har samarbeida med den amerikanske countrylegenda Willie Nelson.

Kurt Nilsen og KORK

Kurt Nilsen under innspelinga av ny jule-cd saman med KORK denne veka.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Ein popartist saman med strykarar - korleis låter det?

– Eg trur det blir fint eg, gliser artisten audmjukt, og får støtte frå KORK-dirigent Nick Davies.

– Sjølv om Nilsen beveger seg inn på eit for han ukjend musikalsk område, gjer han det med glans, seier Davies som er ein av KORKs mest brukte dirigentar på prosjekt som er utanfor det klassiske, blant anna på den kommande Vamp-turnéen og på Nobel-konserten.

Amerikanske svisker

For Kurt Nilsen handlar jula om tradisjonar, og det har også sett sitt preg på hans samarbeid med KORK.

– Eg har ikkje snekra saman nye låtar. Jula er for meg veldig heilag og tradisjonsrik.

KORK lagar jule-cd med Kurt Nilsen

KORK-musikarar under innspelinga i Store Studio.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Artisten avslører at han har ein forkjærleik for gamle, amerikanske svisker.

– Artistar som Nat King Cole, Frank Sinatra, Dean Martin og Bing Crosby syng jula inn for meg, avslører Nilsen.

«På låven sitter Nilsen»

Samstundes kan han ikkje sjå heilt vekk frå gode barndomsminne, og gjev sine heilt personlege tolkingar av nokre av våre mest kjende songar, som blant anna «Nå tennes tusen julelys» og «Gje meg handa di ven».

  • LES OGSÅ:

Kurt Nilsens manager, Jan Fredrik Karlsen har tidlegare spøkt om at julealbumet skal heite «På låven sitter Nilsen», men det er ein tittel som hovudpersonen sjølv ikkje vil gå god for.

– Nei, eg lovar at me skal finna eit anna, meir originalt namn til juleplata, humrar Nilsen, som også har med seg to gjesteartistar: Christel Alsos og Helene Bøksle.

Julekonsert i desember

I tillegg til jule-CD, skal Kurt Nilsen og KORK halda ein fem kvarter lang direktesendt julekonsert på NRK1 den 18.desember. Då skal Nilsen, i tillegg til å syngje, debutera som programleiar.

– Det gler eg meg veldig til, men eg er sjølvsagt nervøs. Meir for praten enn for synginga. Eg reknar med at songgtekstane sit før det, seier 31-åringen.

– Det kjem til å bli stor stas med mykje vakker lyd, lovar han.

KORK lagar jule-cd med Kurt Nilsen

Kurt Nilsen og KORK-musikarar under innspelinga i Store Studio.

Foto: Hilde Bruvik / NRK

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh