de Havilland Vampire - Du kan få flyge veteranflyet de Havilland Vampire! - Foto: Luftforsvaret /

Du kan få flyge veteranflyet de Havilland Vampire!

Foto: Luftforsvaret

Lyst til å flyge jagarfly?

Unik sjanse til å kjenne på G-kreftene. Legg inn bud på flygetur til inntekt for TV-aksjonen!

- Vi susa over landskapet i 700 km/t, nesten lydlaust. Det var ein massiv straum av inntrykk. Og når vi flaug mellom fjella i klart vintervêr kan eg love deg at eg fekk god fartsfølelse, det gjekk heilt sjukt raskt.

Desse orda kjem frå flyentusiasten Ronny Basso frå Giske på Sunnmøre som vann ein flygetur med Luftforsvaret i fjorårets TV-aksjon til inntekt for Blå Kors.

No kan det bli din tur å få oppleve det samme: By på ein eksklusiv tur med jagarfly i vår nettauksjon, og støtt TV-aksjonen!

Kenneth Aarkvisla - Pilot Kenneth Aarkvisla. - Foto: Petter Jensen /

Pilot Kenneth Aarkvisla.

Foto: Petter Jensen
Du får prøve deg som pilot

Piloten som tek vinnaren av auksjonen med opp i fleire hundre meters høgde er Kenneth Aarkvisla.

- Når vi kjem opp i god høgde i eit område som eignar seg, let eg passasjeren få prøve seg med stikka, og kjenne korleis kontrollane reagerer. Turen tek 30-60 minutt, men det vil nok kjennest ut som om tida går ganske mykje fortare, ler den erfarne flygaren.

Flyturen, som truleg blir i november, går frå Rygge lufthamn i Moss. Men med ei toppfart på nær 850 km/t, vil det bli gode sjansar for å få sjå seg rundt på fleire kantar av landet.

- Det blir både litt akrobatikk og testing av G-krefter, slik at ein blir pressa skikkeleg ned i setet. Samtidig vil det vere fint å kjenne kor godt dette flyet ligg i lufta.

Aarkvisla lovar at det skal bli ein minneverdig tur.

- I eit så flott land som Noreg, er det heilt spesielt å suse over fjellheimen. Denne turen er absolutt verd pengane, spesielt når det går til eit godt føremål.

de Havilland Vampire på bakken. - de Havilland Vampire i all si prakt. - Foto: Luftforsvaret /

de Havilland Vampire i all si prakt.

Foto: Luftforsvaret
- Fantastisk oppleving

Ronny Basso har drive med mikrofly i fleire år, og lot ikkje sjansen gå frå seg då han såg at TV-aksjonen auksjonerte bort ein eksklusiv tur med jagarfly.

- Dette er noko ein opplever berre ein gong i livet, og det var ei heilt fantastisk erfaring. For dei som har køyrd motorsykkel, kan du gonge opplevinga med 50. Det går to-tre dagar etter turen før du verkeleg forstår kva du har vore med på. Å prøve noko sånt er garantert verd kvar ei krone.

Basso har ingen bilete frå cockpiten - han var for oppteken med å flyge.

- Då vi nådde opp til 2000 fot, sa piloten "ver så god", og overlot stikkene til meg. Det er ei sånn kjensle at… du rører deg fritt i tre dimensjonar, flyet gjer akkurat som du vil, og reagerer umiddelbart.

Tre jagarfly - Veteranjagaren flankert av to moderne F-16-fly. - Foto: Luftforsvaret /

Veteranjagaren flankert av to moderne F-16-fly.

Foto: Luftforsvaret
Både for veslebror og bestemor

Flyet som vinnaren av auksjonen skal få lufte seg med, er forsvarets veteranjagar av typen de Havilland Vampire, som var på vingane allereie under andre verdskrig. I Noreg var Vampire i operativ bruk til 1957, medan Sveits nytta jagarflyet heilt fram til 1990.

Flyet som auksjonsturen går med er det einaste eksemplaret av de Havilland Vampire i Noreg som ikkje står på museum. Den særeigne veteranen er også ein tosetar, slik at passasjeren får sitje ved sidan av piloten heile vegen.

Alle som ønskjer kan det kan vere med på turen, og Luftforsvaret har ingen spesielle restriksjonar for å flyge Vampire utover det som gjeld for vanleg sivil flyging.

- Vi ønskjer først og fremst å støtte TV-aksjonen, men vil også syne fram litt av kva flygaryrket inneber, og gje folk sjansen til å teste ut kjensla av å flyge eit jagarfly, seier major Eystein Kvarving i Luftforsvaret.

Ronny Basso - Ronny Basso, vinnaren av fjorårets auksjon, i jagarflyet før takeoff. - Foto: Ronny Basso /

Ronny Basso, vinnaren av fjorårets auksjon, i jagarflyet før takeoff.

Foto: Ronny Basso
- Eit minne for livet

Flyentusiast Ronny Basso er overbevist om at opplevinga er like sterk for dei utan flygarerfaring, og oppmodar alle om å by på auksjonen til støtte for TV-aksjonen.

- Mange betalar jo tusenvis av kroner for sol, fest og bading i Syden, og kjem heim utan noko å fortelje om. Å flyge jagarfly er noko du hugsar resten av livet.

  • Sjå alle godbitane i TV-aksjonens nettauksjon her !

(NRK)

Bruk emneknaggen #tvaksjonen på Instagram for å dele dine bilder. Denne tjenesten er ikke sertifisert av Instagram.