Hopp til innhold

Vill etterspørsel etter kortreist mat

2014 kan vere året da kortreist mat verkeleg tok av. No til jul er lagra rett og slett skrapa for lokalprodusert trøndersk mat.

Kortreist mat utsolgt

Dette er plakaten Karl Laugsand måtte henge opp på julemarknaden i Trondheim før helga. – Eg måtte berre reise heim, seier han.

Foto: Privat

– Trøndelag er den regionen i Noreg der lokalprodusentane omset mest, seier Anne Huitfeldt, styremedlem i Bondens Marked Norge.

Under julemarknaden i Trondheim, som vart avslutta i helga, kom det fleire rapportar om produsentar som måtte pakke saman bua si fordi dei rett og slett gjekk tomme for varer.

Øl, kjøtt, bakst, mjøl, alt gjekk unna. Stadig fleire melder at dei lett kan selje alt dei produserer.

Heilt tomt på lageret

Karl Laugsand

Karl Laugsand med dei siste pølsene han har att – og dei er bortbestilte!

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

På Ytterøya midt i Trondheimsfjorden er lageret til Karl Laugsand heilt tomt. Tre bortbestilte pølser og eit par bitar bacon til familiens lutefiskmiddag er alt som er att. Laugsand, som driv firmaet «Svin på skogen» med svinekjøtt frå frittgåande grisar på Ytterøya, har aldri opplevd maken.

På julemarknaden i Trondheim før helga måtte han sette opp plakat med «utseld».

– Dette er vel eigentleg eit luksusproblem, men eg vil no helst at dei kundane som vil ha, skal få, seier Laugsand.

Han ser at fleire og fleire faste kundar kjem for å handle, mellom anna på Bondens Marked rundt om i Trøndelag.

Men no er det altså tomt.

– På nyåret startar vi igjen, og lagar meir av råvarene vi har på lager. Det er rett og slett det at vi ikkje rekk å foredle meir som gjer at vi er tomme no, seier Karl Laugsand.

Aukar stadig omsettinga

Anne Huitfeldt er sjølv lokalmatprodusent på Moen gard i Klæbu. Ho fortel òg om eit eventyrleg salg før jul.

– Da vi opna lavvoen vår på marknaden i Trondheim, kom folk springande med handlelistene. Det er heilt fantastisk, seier ho.

– Trønderske produsentar av kortreist mat skal vere stolte, dette er ein suksess som kjem etter mange år med hardt arbeid, seier Huitfeldt.

Rørosmat opplever same tendensen. Rørosmat er ei samanslutning av 26 lokalprodusentar i rørosregionen, og dei har auka omsettinga med 50 prosent i år samanlikna med i fjor, skriv Fjell-Ljom.

Julemarkedet på Torvet i Trondheim er i gang - her kan du få julekaker, hesteskyss og gavetips.

Julemarknaden på Torvet i Trondheim var ein stemningsfull suksess også i år.