Hopp til innhold

- Hardråde var ein helt!

Norskekongen Harald Hardråde ville leggje under seg England på 1000-talet, men fall. No vil vikinginteresserte engelskmenn likevel heidre han.

Chris Rock

Tom Wyles er vikingeentusiast og mener Harald Hardråde var en helt.

Foto: Magnar Brandseth/NRK

Harald Hardråde

Det er satt opp et minnesmerke for slaget ved Stamford Bridge i 1066.

Foto: Magnar Brandset/NRK

– Harald Hardråde var ein helt, han var med å forme Europa! No skal slagstaden i England der norskekongen fall bli verdskjent!

Orda kjem frå vikingentusiasten Chris Rock ved Stamford Brigde. Det var her Hardråde fall i 1066.

– No skal vi syte for å ta betre imot nordmenn og andre som vil sjå kvar den gamle norskekongen fall, seier Rock, medlem av foreninga Battle of Stamford Brigde Society, som vart skipa i vår.

Monument på slagstaden

– Vi håpar å få reist eit besøkssenter her, bygt som eit viking-langhus, supplerer Tom Wyles, leiar i den nyskipa foreninga.

Og engelskmennene har alt gjort mykje ut av slagstaden ved Stamford Brigde, ein halvtimes tur med bybussen ut frå byen York i Nord-England. I sentrum av den vesle forstaden har minnemonomentet om slaget ei sentral plasering.

Tom Wyles og Chris Rock

Chris Rock og Tom Wyles vil gjøre slaget ved Stamford Bridge like kjent som slaget ved Hastings i britisk historie.

Foto: Magnar Brandseth/NRK

På ei høg slette litt unna står ein steinbauta med opplysningsskilt om ”The Battle of Stamford Brigde, fought by King Harold of England and the invading Norse Army led by Haarada.”

Aukande interesse

– Dei to siste åra har vi gjenskapt slaget med 200-300 aktørar frå det nasjonale vikinglaget. Med aukande interesse for vikingtida veks dette seg berre større og større, seier Tom Wyles.

Også båtar har deltatt i den historiske gjenskapinga, for i det verkelege slaget 25. september 1066 skal det ha vore med heile 300 skip som kom opp elva Dervent til Stamford-brua.

– Dette svære slaget ved Stamford Bridge er så viktig del av historia, både for England og Noreg, seier Chris Rock.

Avgjerande slag

– Utan dette slaget kunne utviklinga i England blitt heilt annleis, ja heile Europa kunne blitt heilt annleis, seier han.

Den engelske kongen Harald Godwinson fekk det travelt etter at han hadde slått hæren til Harald Hardråde ved Stamford Brigde. Wilhelm Erobraren frå Normandie i Frankrike hadde landa lengre sør i England.

– Den engelske hæren måtte marsjera heilt sør til Hastings på nokre veker til eit nytt slag der. Utslitne engelskmenn tapte for den invaderande franske hæren, seier Tom Whyles.

The forgotten Battle

Denne sommaren har ”Battle of Stamford Bridge Society” hatt omvisningar på slagstaden ein gong i veka, og arbeidet blir no konsentrert om å reise pengar for å vidare planar. Dei to meiner at slagstaden i for stor grad er komen i skuggen av Hastings.

”The forgotten Battle”, står det på heimesida til foreninga, for som det står: ” Ask most people about 1066 and they will say Hastings. Ask most people about Stamford Bridge and they will say Chelsea."

No har altså medlemene i foreninga ved Stamford Brigde planar om å rette på det.

– Dette skal bli like stort som ved Hastings. Slagstaden Stamford Brigde skal bli verdskjent, seier dei to representantane for det vikinginteresserte England optimistisk.

Ikkje eige påfunn

At den norske krigerske kongen Harald Hardråde, som heilt sikkert fekk sitt namn med rette, skal bli kalla ”helt”, kan ein nok stusse over. Ikkje minst når han attpå til kom for å leggje under seg England.

Men Hardråde, som hadde sigra i mange slag, kom ikkje på ideen åleine. Den engelske kongen Harald Godwinson var ny på trona i 1066, og bror hans, Toste, meinte at han også hadde rett til trona.

Toste kom til Noreg og søkte hjelp hos kong Harald Hardråde for å slå bror sin. Denne hjelpa vart banen til både Harald Hardråde og Toste.

Halvbror til Olav den Heilage

Harald Hardråde var halvbror til Olav den heilage og deltok i sin ungdom i slaget på Stiklestad. Han vart såra, men greidde flykta til Sverige. Sidan var han mange år i utlandet, blant anna som leigesoldat og hærførar i den keisarlege livgarde i Konstantinopel.

Som norsk konge budde han i Kongsgarden sin i Nidaros, og vart ifølgje Snorre gravlagd i Mariakyrkja. Den stod tidlegare tett ved Nidarosdomen. Då kyrkja vart riven, vart grava flytta til Helgeseter Kloster, på andre sida av Nidelva.

Klosteret vart borte på 1700-1800-talet, og kva som skjedde med grava til norsekongen som fall ved Stamford Brigde veit ein ikkje sikkert.

Men ein norsk arkeolog har i fleire år ivra for å starte utgravning for å finne svaret på det.