Hopp til innhold

Sørsamisk kultur blir sett til side

Meir enn 25 års planlegging av nytt sørsamisk kultursenter får vere nok, meiner leiinga ved det sørsamiske senteret i Snåsa, Saemien Sijte. No fryktar dei diskriminering ligg bak uthalinga.

Saemien Sijte

Susanne Lyngman og Birgitta Fossum ved Saemien Sijte vil ha svar på korfor det tar så lang tid å få realisert det sørsamiske museet og kultursenteret i Snåsa.

Foto: Montasje/Kjartan Trana

– Det er sårt å tenke på at det kan vere slike ting som ligg bak, og at nokon kan meine at sørsamisk ikkje er så viktig, seier Susanne Lyngman, prosjektkoordinator for utbygginga.

– Er vi ikkje nok verd til å få eit skikkeleg senter for sørsamisk kultur og historie, spør Birgitta Fossum, museumsdirektør ved Saemien Sijte.

– Med tanke på politikken som har vore ført mot samisk gjennom historia, kjennes det urettferdig at vi må ha kontor i skoesker og vere gøymt bort i skogen, seier ho.

Fem år sidan arkitekturen var klar

Planane om eit nytt sørsamisk kulturbygg på Snåsa har vore jobba med i mange år. Kulturdepartementet har vore med sidan 2005. Arkitektar frå seks land deltok i konkurransen om utforminga, og Statsbygg ga i 2009 eit kontor frå Valencia jobben.

Entreprenøren er vald, og hjørnestolpane er sett ned på tomta.

– Forprosjektet var ferdig i 2011, og eigentleg var det klart til byggestart da. Det som ikkje er på plass, er smådetaljar som kor stikkontaktane skal vere og kva for belegg vi skal ha på golvet, seier Fossum.

Men no verkar det som om nokon har trampa hardt på bremsene, utan at museumsdirektør Fossum skjønner korfor.

– Vi har jobba med dette veldig lenge, og det er på tide at vi får eit sørsamisk museum. Vi har eit bygg i dag, men det er fullstendig ubrukeleg for det formålet.

Bygget dei held til i i dag, har ikkje magasin eller lokalar for innsamling, og dei tilsette sit i kontor inne i brakker.

– Utstillingslokalene er på 250 kvadratmeter, eg trur ikkje det er mange andre museum som kan gjere utstillingar på eit så lite areal, seier Fossum.

Saemien Sijte

Dei tilsette har kontor i denne brakkeriggen. Løysinga skulle vere mellombels, men det er ikkje sett nokon dato for byggestart av det nye kultursenteret.

Foto: Kjartan Trana / NRK Trøndelag

– Satsinga har blitt for stor

I fjor forventa mange at pengane til det nye sørsamiske sentret endeleg skulle kome. I staden kom det krav om at Statsbygg skulle gjennomføre en risikoanalyse med tanke på kostnadar. Seinare har fleire politikarar signalisert at heile satsinga har blitt for stor, og at planane må krympast.

Det forstår prosjektkoordinator for utbygginga, Susanne Lyngman, lite av. Ho har jobba med planane i tolv år.

– Det kling dårleg i ørene våre når det no blir sagt at prosjektet må skalerast ned. Vi har hatt ein prosess der storleiken, arkitekturen og plasseringa er bestemt, seier ho.

– Ingen har sagt det til oss

I tillegg til stiftinga Saemien Sijte skal Sametinget, Reindriftsforvaltninga og Snåsa kommune inn i bygningen. Den sørsamiske kulturen og historia har nesten blitt viska ut gjennom tida, men sentret skal jobbe med dette og styrke sørsamisk identitet, språk og kultur.

Susanne Lyngman seier at det no nærmast verkar som at sørsamisk er undertrykt og skal gløymast nok ein gong.

– Det er ingen som har sagt det til oss. Men når ein tenker på at Norge er tufta på to folk, det samiske og det norske, og at dei skal vere likestilte, så syns vi det er rart at dette museet ikkje kan komme på plass innan rimeleg tid, seier Lyngman.

Torsdag skal leiinga ved senteret møte kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Komiteen er da på eit todagars besøk i Nord-Trøndelag.

Ville løyve fem millionar til oppstart

Heidi Greni

Heidi Greni, Sør-Trøndelag Sp.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Heidi Greni frå Sør-Trøndelag Sp sit i komiteen, og ho forsikrar at dei raudgrønne partia meiner det er viktig å få fortgang i bygginga slik at ingen ting av den sørsamiske kulturen og tradisjonane går tapt.

– Vi var innstilte på å starte opp bygginga, og ville ha inn ei oppstartløyving på fem millionar kroner i årets budsjett. Dessverre vart dette nedstemt i stortingssalen av regjeringspartia og støttepartia deres, seier Greni.

– Fem millionar er ikkje nok, men det ville vore ein start, seier ho.

– Grunnen til at dette forslaget ikkje kom tidlegare i perioden, var at det tok tid før bindande leigeavtaler for dei andre aktørane i bygget var på plass.

– Må ta samane på alvor

André N. Skjelstad

André Nikolai Skjelstad, Nord-Trøndelag Venstre.

Foto: Venstre

André Nikolai Skjelstad frå Venstre i Nord-Trøndelag sit i den same komiteen, og han meiner det blir heilt feil av Greni å skylde på regjeringspartia.

– Dei raudgrøne har hatt makta i åtte år, og da kan dei ikkje kome etterpå og plutseleg finne fem millionar i siste liten. Dei kunne ha starta bygginga for lenge sidan, meiner Skjelstad.

Han understreker at Venstre har vore positive til det sørsamiske kultursenteret heile tida.

– Vi må komme i gang, men det er viktig å sjå på tala, og sikre oss at økonomien er på plass. I tillegg må vi vite at prosjektet får rett dimensjon.

Skjelstad vil slett ikkje vere med på at det er snakk om diskriminering.

– No må vi ta samane på alvor. No må vi få gjennomført bygginga, og ikkje holde fleire festtalar utan at det blir gjort noko, meiner han.