Hopp til innhold

Ventar kylling-kritikk frå dyrevernarar

Kyllingbønder må bu seg på sterkare kritikk frå dyrevernarar i framtida. Det seier leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Bondelagsleder Lars Petter Bartnes

Kyllinggardar bør vere budd på å få besøk av dyrevernaktivistar, på same vis som pelsdyrgardar har fått besøk, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

Foto: Roald, Berit/Norges Bondelag / SCANPIX

Han oppfordrar kyllingbøndene til å vere på vakt mot aktivistar og skjulte kamera, skriv Nationen.

Bondelaga i Nord- og Sør-Trøndelag heldt eit fellesmøte sist veke der dei tok opp dei nye metodane som dyrevernaktivistane brukar for å avdekke dårleg dyrehald.

Bondelagsleiaren på dette møtet tok sterk avstand frå metodane dyrevernaktivisten Frank Nervik brukte da han filma på pelsdyrfarmar, opptak som vart brukt i den omstridde dokumentaren «Pels» som vart vist på NRK.

– Det har vore eit betydeleg trykk på pelsnæringa gjennom lang tid, og eg tar avstand frå metodebruken i dokumentaren.

– Har ikkje noko å skjule

Grunnen til at han åtvarar kyllingnæringa mot sterkare søkelys, er at han meiner metodar som skjult kamera skaper eit umenneskeleg press på bøndene og familiane deira.

– På møtet drøfta vi korleis anna dyrehald vil få meir fokus etter kvart. Vi trur at aktivistane kjem til å sjå nærare på kyllingnæringa, seier Bartnes, som sjølv er kyllingbonde i Beitstad i Steinkjer.

Han meiner at næringa vil tåle eit slikt fokus og ein slik debatt, og at kyllingbøndene ikkje har noko å skjule.

– Det er gode produksjonsforhold i næringa, og det er ei open næring, seier han til NRK.

– Så langt eg kan sjå, er det flinke bønder som står på kvar dag for å gi dyra best muleg vilkår, seier han.

Han meiner at dyrevelferden i norske kyllinghus er god.

Kyllingbøndene må følgje dei reglane som gjeld, og næringa tåler å stå i ein debatt slik eg ser det, seier Bartnes.

– Prøver å skremme

Live Kleveland, juist Dyrevernalliansen

Live Kleveland, jurist i Dyrevernalliansen.

– Dyrevernalliansen opplever utspelet frå Bartnes som eit forsøk på å skremme og stigmatisere dyrevernarar, seier Live Kleveland, informasjonsleiar i Dyrevernalliansen. Ho understrekar at dei ikkje brukar skjult kamera i sitt arbeid, og at dei ikkje er ute etter å avvikle anna dyrehald enn pelsdyrhald.

Men ho meiner likevel at kyllingnæringa er ein versting når det gjeld dyrevelferd.

– Norsk kyllingproduksjon er basert på ein kyllingrase som heiter Ross 308. Det er ein høgintensiv rase med ei lang rekke helseproblem på grunn av avlen. Kyllingane får bein- og skjelettproblem på grunn av altfor hurtig vekst og altfor stor kjøttmengde, seier ho.

Dyrevernalliansen meiner at norske kyllingbønder bør kvitte seg med denne rasen og heller gå over til rasar med mindre helseproblem.

– Det kan virke som at Bartnes prøver å skremme bønder og sette dei opp mot folk som arbeider for betre dyrevelferd, seier Kleveland.

Ho viser til at organisasjonen hennar samarbeider med mange bønder, og at god dyrevelferd er eit felles mål.