Hopp til innhold

Var ikkje skikka – fekk jobbe vidare i kommunen

Ein mann fekk ikkje fornya engasjement i heimesjukepleia i ein bydel i Trondheim fordi han ikkje var skikka for jobben. Men mannen fekk jobb i tre andre einingar i kommunen – fordi dei ikkje sjekka referansane hans.

Hjemmesykepleie

Mannen fekk sparken i heimesjukepleia på grunn av dårlege haldningar og manglande tillit. Men han fekk jobbe vidare i Trondheim kommune, fordi ingen sjekka referansane.

Foto: Illustasjonsfoto: colourbox.com

Mannen, som er i 30-åra, er i tillegg sikta for å ha lurt til seg 2,4 millionar kroner frå ein pasient han jobba for i den kommunale heimesjukepleia i Trondheim.

Kommunaldirektør for helse og velferd Helge Garåsen i Trondheim kommune.

Helge Garåsen, kommunaldirektør for helse og velferd i Trondheim.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Kommunaldirektør for helse og velferd i Trondheim, Helge Garåsen, likar saka dårleg.

– For meg er det heilt ubegripeleg. I eit slikt system, kor ein jobbar med sjuke og svake og kanskje òg med mentalt svekka personar, er vi heilt avhengige av at folk kan ha tillit til dei som jobbar der, seier Garåsen.

– Dette er heilt ubegripeleg.

Helge Garåsen


Han meiner det er svært viktig å hente inn referansar når ein skal tilsette i slike jobbar, og i dei situasjonane der det krevst, hente inn politiattest.

Mannen som no er sikta for underslag, har etter det rådmannen i Trondheim kjenner til, vore tilsett privat av pasienten han skal ha svindla mellom 2010 og hausten 2012. Den første kontakten den sikta hadde med den fornærma som tilkallingsvikar i Trondheim kommune, er ifølge kommunens systemer i mai 2012.

Kommunen meiner at underslaga skal ha begynt lenge før den tid, og er gjennomført på ein slik måte, at det ikkje er noko som tyder på at dette skal ha skjedd mens han hadde vakter i kommunal regi.

Må terpe på referansar

Mannen det gjeld, hadde ulike jobbar for kommunen frå 2009 til i år. I ein bydel fekk mannen sparken på grunn av dårlege haldningar og manglande tillit. Trass i dette fekk han etterpå jobbe som tilkallingsvikar ved tre andre einingar.

Rådmannen beklagar sterkt svikten og lovar ny gjennomgang.

– Kva gjer de no for å unngå fleire slike hendingar, der nokon som ikkje er skikka til jobben, går ein annan stad i kommunen og får ny jobb?

– Det er berre ein ting å gjere med det. Vi må terpe på at referansane skal sjekkast, og spesielt passe på at vi hentar inn referanse frå den siste arbeidsstaden, seier Helge Garåsen, kommunaldirektør for helse i Trondheim.

– Enkelt å ta ein telefon til ein kollega

Rita Ottervik er ordfører i Trondheim.

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik (Ap).

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

– Regelverket er klart enten det dreier seg om fulltidsjobbar eller tilkallingsvikarar, seier ordførar i Trondheim, Rita Ottervik.

– Sjølv om det er eit vikariat eller mellombels stilling, skal einingsleiarane sjekke referansane. Ikkje minst når det er så enkelt som å ta ein telefon til ein kollega i Trondheim kommune, seier ho.

– Korleis ser du på at det ikkje har blitt gjort her?

– Det er ikkje bra, og her må rådmannen rydde opp slik at referansar blir sjekka ved alle tilsettingar, seier ordføraren.