Hopp til innhold

Vanvikansaka er lagt bort

Nesten eitt år etter barnedødsfallet i Vanvikan er saka lagt bort av statsadvokaten i Trøndelag fordi bevisa ikkje er sterke nok til å tiltale nokon.

Vanvikan

Guten vart funnen død i heimen sin i Vanvikan 27. november 2013. Foreldra vart mistenkte for å ha skadd han.

Foto: Ståle Tonning / NRK

Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes har handsama saka for Statsadvokatene i Trøndelag, og det er han som no legg bort saka.

– Grunnen til det er «bevisets stilling», det vil seie at bevisa ikkje er sterke nok til å tiltale nokon. Ingen har klart å konkludere med kva som er årsaka til dødsfallet, seier Soknes til NRK.

«Kvelning eller atypisk krybbedød er mulige årsaker»

Ein av dei rettsmedisinske sakkunnige, spesialist i barnemedisin, dr.med. Jens B. Grøgaard, konkluderer i rapporten sin frå juli i år med at årsaka til dødsfallet ikkje kan slås fast.

«Påført dødsfall gjennom kvelning eller atypisk krybbedød er begge mulige årsaker til døden», heiter det i rapporten.

Dette er òg sitert i dokumentet frå statsadvokaten, kor saka blir lagt bort.

– Veldig glade for beskjeden

Advokat Per Wold har fredag handtert saka på vegner av kollegaen Tore Angen, som har representert mora som har vore etterforska i saka.

Fredag ettermiddag kontakta Wold foreldreparet, og fortalde dei at saka er lagt bort fordi bevisa ikkje er sterke nok.

– Dei vart veldig glade for å få den beskjeden, men vil ikkje komme med fleire kommentarar, seier Wold til Adresseavisen, som først meldte om at saka var lagt bort.

Det var 27. november i fjor at ein 15 månader gamal gut vart funnen død i heimen sin i Vanvikan i Nord-Trøndelag. Foreldra hans hadde latt sonen vere heime åleine i to timar.

Paret vart sikta for å ha skadd guten slik at han døydde, sjølv om dødsårsaka ikkje var klar.

– Grundig etterforsking heilt naudsynt

Han meiner politiet har gjort ei veldig grundig etterforsking.

– Dei har mellom anna henta inn ekstern kompetanse, noko som var heilt naudsynt, seier han.

LES: Finner ingen dødsårsak

– Eg har gått gjennom saka ein ekstra gong, men i og med at det ikkje er muleg å fastsette kva som var årsaka til dødsfallet, må vi legge bort saka, seier han.

– Det har snart gått eitt år sidan barnet døydde. Har det tatt for lang tid å avgjere denne saka?

– Nei, i ei så alvorleg sak er det naturleg at det tar tid. Tidsbruken her har vore naudsynt, og tida er brukt på eit ordentleg vis, seier Bjørn Kristian Soknes.

LES: Forsvarerne mener det tar for lang tid