Hopp til innhold

Unge vil ha QR-kode på gravsteinen

Den yngre generasjon vil bli hugsa for ettertida med bilete, musikk og personlege minner som blir vist gjennom ein QR-kode på gravsteinen.

Blant den yngre generasjonen er det stor etterspurnad etter QR-kodar på gravsteinen.

– Det vi ser blant den yngre generasjonen er at det er stor etterspurnad, mens det blant den eldre generasjon, som har dødsannonser i avisa og besøker gravplassen kvar veke eller månad, ikkje er noko stor etterspurnad, seier Lars Svanholm, som er dagleg leiar i Svanholm begravelsesbyrå i Trondheim.

Ein stein i endring

Lars Svanholm

Lars Svanholm merker at fleire unge ønsker seg teknologi på gravsteinen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Dei siste åra har gravferdsbyråa merka ei endring i forhold til bilete, lysbruk og ønsket om meir personlege minner på gravsteinen.

–Det siste er QR-kodar. Det har nok samanheng med at dei yngre generasjonane ikkje besøker gravstaden like ofte som før, og når dei først er der vil dei ha det endå meir personleg, seier Svanholm.

QR (Quick Respons) er ein firkanta strekkode med svarte teikn på kvit bakgrunn. Den kan lesast av ved hjelp av ein kodeskanner på smartmobilen.

– Det er eit enkelt konsept. På samme måte som du betaler i butikken, skanner du koden. Då kjem du inn på ei minneside, som familien sørgjer for å både opprette og vedlikehalde. Det kan vere bilete og musikk. Alt du får digitalt, kan du få på ein QR-kode, forklarer Svanholm.

Etisk utfording

QR-kode på gravstein

QR-brikka er 4x4 cm og blir festa direkte på gravsteinen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Med teknologiens inntog på gravsteinane blei etikken sett på prøve. I fjor fekk pårørande etter eit avdødt medlem i ein motorsykkelklubb avslag på ønsket om at gravsteinen skulle prydast med motorsykkelklubbens logo.

Firmaet In Memory AS i Sandefjord tilbyr brikker med QR-kode. Så langt har dei produsert mellom 50-70 brikker.

Bjarne Johansen som er dagleg leiar i firmaet, fortel at det var veldig mykje fokus på etikken då brikkene blei lansert for første gong for rundt ti år sidan. Den siste tida har det vore stille i den etiske debatten.

– Den gongen var det ein del reksjonar frå gravferdsbransjen. No har Sverige trykt løysinga til brystet og eg trur at alle gravferdsbyrå etterkvart vil ha ein eigen knapp på sine nettsider der folk kan lage si eiga minneside.

Komme for å bli

På gravferdsbyrået i Trondheim har dei god oversikt over kva folk ønskjer etter sin død.

– I forhold til etterpurnaden frå den yngre generasjonen er eg rimeleg sikker på at det kjem til å komme ganske mange gravsteinar rundt i landet i løpet av få år med QR-kodar. Vi vil nok først sjå det i byane, så vil det spre seg utover etterkvart.

Han får støtte frå Bjarne Johansen i Sandefjord.

– Det er stortsett dei yngre som tek dette i bruk og som har bestilt brikke. Det kan også vere yngre menneske som har gått bort og så har familien laga ein QR-kode med tilgang til ei minneside.

Les også: – Når skal de døde få hvile i fred?
Les også: Gravlunden blir digital