Hopp til innhold

Trønderske politirutiner kan bli idealet

Dei ulike politidistrikta i Noreg har ikkje same praksis for å vurdere om saker som handlar om mistenkelege dødsfall kan leggjast bort. No kan måten det blir gjort på i Trøndelag, bli rettesnora.

Politihusene i Bergen og Trondheim

Politiet i Trøndelag må alltid sende bortleggingssaker til godkjenning hos statsadvokaten. Slik er det ikkje i Bergen.

Foto: Montasje/NRK

Riksadvokaten har sett ned ei gruppe som skal granske Hordaland politidistrikt og etterforskinga etter dødsfallet til 8 år gamle Monika for tre år sidan.

Alt om Monika-saken

Da Monika vart funnen død i heimen sin på Sotra i Hordaland, la politiet bort saka etter ni månadar. Dei konkluderte med at det ikkje var noko straffbart forhold. Statsadvokaten vart ikkje varsla.

Må alltid sendast til statsadvokaten

Per Morten Schjetne

Per Morten Schjetne, statsadvokat i Trøndelag.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

I andre politidistrikt er praksisen annleis, det fortel statsadvokat i Trøndelag, Per Morten Schjetne.

– Ved Trøndelag statsadvokatembeter har vi i all tid hatt den praksisen at alle mistenkelege dødsfallsaker blir oversendt frå politiet til statsadvokaten med tilråding. Det gjeld uavhengig av om det er ein person som er mistenkt eller sikta i saka, seier Schjetne.

Førstestatsadvokaten i Trøndelag, Bjørn Kristian Soknes, skal leie granskingsarbeidet av bergenspolitiet.

– Fornuftig med samordna praksis

I Bergen var det ikkje vanleg å sende bortleggingssaker til statsadvokaten.

– Eg har merka meg at det er ulik praksis på dette området rundt om i landet. Det verkar absolutt fornuftig å få ein samordna praksis. På det viset kan vi få det eg vil kalle ein grundig etterkontroll av dei avgjerdene som politiet gjer på dette området, seier Schjetne.

Han viser til at politiet i Trondheim fleire gonger har fått saker i retur frå statsadvokaten, saker dei ønskte å legge vekk.

– Som regel sluttar vi oss til den tilrådinga som kjem frå politiet, men vi har uansett ein grundig gjennomgang av sakene.

– Eg kan ikkje huske at vi har gjort om avgjerder, men det har vore saker som har blitt sende tilbake til ytterlegare etterforsking før vi har treft endeleg avgjerd, seier Schjetne.