Hopp til innhold

TrønderEnergis afrikanske eventyr

For første gong satsar norske investorar på kraftutbygging i Afrika.

TrønderEnergi sitt anlegg i Uganda
Foto: TrønderEnergi

Om få dagar skal miljøvernminister Erik Solheim klippe snora for eit vasskraftverk i Uganda.

Kraftverket skal dekke sju prosent av det totale straumbehovet i landet.

– Vi har kunnskap til å byggje ut og då ønskjer vi at våre tilsette skal få sjansen til å nytte kunnskapen der et er muleg. Då mulegheita baud seg i Uganda greip vi den, og dette er med på å gjere TrønderEnergi til ein interessant arbeidsplass, seier styreleiar i TrønderEnergi, Per Kristian Skjærvik, til NRK Trøndelag.

TrønderEnergi har investert 300 millionar kroner i det eksotiske kraftprosjektet. Regjeringa har gitt ei bistandsgåve på 60 millionar kroner til den ugandiske stat.

Det er første gong norske investorar byggjer vasskraftverk i Afrika. Lønnsam drift er ein føresetnad for prosjektet.

– Vi tener pengar på dette. Konsesjonsvilkåra seier at vi skal byggje ut helsestasjonar og støtte lag og organisasjonar. Vi har også skrive ein avtale med ein barneheim i Kampala som tek hand om gatebarn og vi skal vere med å betre tilhøva i området, seier Skjærvik.

500 tilsette deltek i prosjektet.