Hopp til innhold

Trailer står fast på Ronglan

Eit vogntog står fast i ein undergang under jernbanelina på Ronglan.

E6 ved Åsen er no åpna etter å ha vore stengt i nordgåande kjørefelt. To bilar kolliderte front mot front klokka halv fem i ettermiddag, ved Nesvatnet.

Grunnen til kollisjonen var at den eine bilen kom over i feil kjørefelt.

To personar var involverte i ulykka. Ingen skal vere alvorleg skada.

Den nordgåande trafikken vart dirigert via gammel-E6 på østsida mellom Åsen og Ronglan. Eit vogntog kjørte seg så fast i ein undergang under jernbanelina på Ronglan. - Traileren var 4 meter høg, og åpningen var 3,1 meter. Da seier det seg sjøl, seier operasjonsleiar for politiet i Nord-Trøndelag, Jon Berger.

Traileren står framleis fast, med fire andre vogntog bak seg. Det blir no brøyta og strødd på staden, slik at desse kan snu og komme seg tilbake på E6.