Hopp til innhold

21 til rettssak om Kattmarka-erstatning

To av dei som var råka av raset i Kattmarka har inngått forlik med staten og Namsos kommune. Men dei resterande 21 har ikkje greidd å bli samde med styresmaktene om erstatningsoppgjeret – og må møte i Namdal tingrett.

21 av de som ble rammet av raset i Kattmarka i Namsos har ikke kommet til enighet med myndighetene om erstatningskravet. Nesten seks år etter hendelsen, møtes partene nå i Namdal tingrett.

Raset i Kattmarka gjekk i mars 2009. Fem og eit halvt år seinare er det framleis ikkje rydda opp der.

Kvikkleireskredet i Kattmarka 13. mars i 2009 var ei veldig spesiell hending. Hus, hytter, uthus og bilar vart dratt med i skredet som gjekk rett utanfor Namsos sentrum. Ingen liv gjekk tapt, og ingen vart skadd.

Men raset løyste ut eit skred av erstatningskrav. Krav mot forsikringsselskap, vegvesenet, kommunen og konsulentselskap. Forsikringspengane er utbetalte, og forsikringsselskapa er ferdige med sin runde med krav mot dei ansvarlege.

Møtest i tingretten 18. november

No sit bebuarane rundt Kattmarka att med dei udekte krava som dei meiner at dei som er ansvarlege, må punge ut for. Det er alt frå hytter som ikkje lenger kan brukast, til setningsskadar på hus, tapt salsverdi og øydelagde tomter.

Til saman 21 partar skal møte staten og kommunen til hovudforhandling i Namdal tingrett, og forhandlingane startar 18. november.

– Det er sett av inntil to veker, men om det trengst, veit vi ikkje enno, seier advokat Jon Egil Bergem. Han representerer 16 av dei involverte i saka, og han førebur seg til at retten skal setjast i november.

To har inngått forlik

Sidan forhandlingsmøtet har berre to inngått forlik med staten og kommunen.

Advokat Rune Østgård, som representerer dei to, seier at klientane hans er godt nøgde med forliket, og at dei er glade for at saka er ute av verda etter fem og eit halvt år.

Men sjølv med desse forlika, står det framleis att mange krav. 21 partar sit med krav på til saman nesten 40 millionar kroner.

Det er ikkje rydda opp der raset gjekk, noko som er ei belastning for dei som bur der.

Teknisk sjef i Namsos kommune, Ståle Ruud, seier at det er fordi det ikkje er semje mellom dei offentlege aktørane og dei private om alle forhold så langt.

Han meiner kommunen kan rydde når hovudforhandlingane i tingretten er ferdig.

Men advokaten til dei råka, Jon Egil Bergem, forstår ikkje korfor kommunen ventar på denne rettssaka.

– Kommunen erkjente i prinsippet ansvaret for skader som følge av raset allereie i mai 2013. Det vi driv med no, er utmåling av erstatning og den delen av erstatninga som ikkje har gått vi forsikringa. Kva slags følgjer det skulle ha for ei opprydding i raset, det forstår eg ikkje, seier Bergem.