Hopp til innhold

Fartsgrensa i Strindheimtunnelen: 60 eller 80?

– Kva fartsgrensa er i Strindheimtunnelen er avhengig av kor du kjem frå når du køyrer inn i tunnelen, seier trafikkforskar.

Strindheimtunnelen

I VILLREIE OM FARTSGRENSA: Statens vegvesen seier folk er usikre på kor fort dei skal køyre i tunnelen.

Foto: Stein Roar Leite / NRK

– Det bør vere synleg kva fartsgrensa er i Strindheimtunnelen.

Det meiner trafikkforskar Dagfinn Moe. Han køyrde ein tur med NRK tysdag for å sjå korleis fartsgrensene er markerte på vegane inn mot tunnelen i retning Trondheim sentrum.

Når ein køyrer gjennom rundkøyringa på Rotvoll, er fartsgrensa 60 km/t. Men når ein kjem inn i tunnelen, er det ikkje noko skilt der som fortel kva fartsgrensa er vidare.

– Det er ein overgang mellom det å køyre i ope landskap og det å køyre inne i ein tunnel. Sjølv om fartsgrensa ikkje blir endra, bør det iallfall vere merka kva fartsgrense er i tunnelen.

Vurderer å endre

I sommar har Vegtrafikksentralen og politiet i Sør-Trøndelag fått inn mange meldingar om råkøyring i Strindheimtunnelen. Måndag denne veka fortalde NRK òg at fleire bilistar har snudd halvvegs inne i tunnelen og køyrt i feil køyreretning.

70-sone

KAN BLI 70: Når fartsgrensa er 70 km/t, kan ein setje opp fleire skilt, fortel Statens vegvesen.

Foto: Ill.foto:Gorm Kallestad / Scanpix

Eva Solvi, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sør-Trøndelag, seier at dei vurderer å setje fartsgrensa til 70 km/t som eit middel for å kome råkøyring i tunnelen til livs.

– Om vi set fartsgrensa ned til 70, kan vi setje opp skilt kvar 500. meter. Når det er 80 km/t, skiltar vi vanlegvis ikkje det. Derfor kan det vere eit poeng å gå ned til 70.

I følgje Statens vegvesen er fartsgrensa 80 km/t i tunnelen, bortsett frå 50 og 60 i enden mot nyhamna.

Trafikkforskar Dagfinn Moe måtte ta turen fleire gongar for å sjekke om dette stemde overeins med skiltinga. Fyrst sjekka han vegen inn frå E6 aust, forbi Ranheim fabrikker og gjennom Grillstadtunnelen.

– Når du kjem ut av tunnelen, deler vegen seg. Du kan halde fram inn mot byen eller du kan ta omkøyringsvegen. Her held 80-sona fram, og vi får ikkje varsel om noko anna. Hittil er det greit: fartsgrensa er 80 km/t.

LES OGSÅ: Kjør Strindheimtunnelen sekund for sekund

I praksis to ulike fartsgrenser

Så er spørsmålet kva fartsgrensa er for dei som kjem via Rotvoll-rundkøyringa, til dømes frå Skovgård-området.

– Før Skovgårdskrysset er det 40 km/t, men når det nærar seg Rotvoll-rundkøyringa, står det skilt om 60-sone. Når vi køyrer ut av rundkøyringa, kjem etter kvart feltet frå omkøyringsvegen på E6 aust opp på høgre side. Dei har fartsgrense 80 km/t. Men vi har enno ikkje sett noko skilt om ny fartsgrense, og køyrer framleis i 60 km/t.

Når det ikkje kjem noko skilt om at 60-sona er oppheva, får ein ikkje vite at fartsgrensa eigentleg er 80 km/t slik Statens vegvesen seier. Dermed blir det i praksis to ulike fartsgrenser inn i Strindheimtunnelen frå aust: 60 eller 80

Avdelingsdirektør Solvi i Statens vegvesen medgjekk måndag at dei har fått mange signal om at folk er i villreie om fartsgrensa i tunnelen, og lovar nye fartsskilt. Men ho trur ikkje det hjelper noko særleg på råkøyrarar i tunnelen.

– Det er frå den vanlege bilisten, ikkje råkøyrarane, me har fått spørsmål om fartsgrensene.