Hopp til innhold

Hadde tre månader att for å bli sivilingeniør – slutta for å bryggje øl

Ein høyrer stadig om alle dei som droppar ut av skulen og byrjar «å nave», men mange greier seg i arbeidslivet også utan utdanning.

Anders og Thomas framføre gründerølet "Tre gamle damer"

DROPPA UT: Anders Cooper og Thomas Sjue slutta ved universitetet for å bli ølbryggjarar.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Dei aller fleste var høflege og sa «Nei, men så moro». Men dei tenkte vel i sitt stille sinn at dette går jo ikkje bra, seier Thomas Sjue ved Austmann Bryggeri.

Ein tredjedel av norske elevar greier ikkje å fullføre vidaregåande skule i løpet av fem år, og berre 59 prosent fullfører bachelorgraden dei har byrja på. Trass i å ha hoppa av studia, er det mange av dei som greier seg i arbeidslivet likevel.

Thomas Sjue hadde tre semester att for å fullføre lektorutdanning med master i geografi ved NTNU då han hoppa av studiet. Kompisen og kollega Anders Cooper hadde berre nokre månader att for å kunne titulere seg som sivilingeniør då draumen om eige bryggjeri byrja å materialisere seg.

– Ingen i min familie tykte det var ein god idé til å byrje med. Du må ikkje droppe skulen, sa dei. Det skjønar eg veldig godt. Eg hadde ikkje lyst til å droppe skulen, sjølv. Men det går ikkje an å halte i to leirar, då blir det to dårlege resultat i staden for eitt veldig bra, seier Sjue.

– Dei vil jo vårt beste – å få den enklaste vegen til god stabil inntekt, familie, hund, stasjonsvogn – døden, supplerer Cooper humoristisk.

Tre gamle damer til unnsetning

Dei tre unge gründerane var i kontakt med mange ulike bankar for å skaffe finansiering til å starte opp bryggjeriet, men pengebingane fekk dei ikkje eingong lukte på.

– Dei tykte det var søtt at me ville starte opp eit ølbryggjeri, men alle viste oss vegen ut døra. Heldigvis var «Sparebanken mor» viljuge til å stå som kausjonistar for næringslåna våre. Som ein takk til mødrene våre og ei tante for den risikoen dei tok, har me kalla gründerølet vårt for «Tre gamle damer». Dei var kanskje ikkje kjempebegeistra for å bli kalla det, men me tykkjer det klinger bra, humrar Sjue.

  • Høyr Sjue og Cooper fortelje si historie i Norgesglasset:


(Artikkelen held fram under biletet)

Gründerølet "Tre gamle damer"

GRÜNDERØL: 'Sparebanken mor' stilte opp for at Austmann Bryggeri kunne starte opp, og fekk soleis sin eigen øltype av gründerane.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Overlever på malt og humle

– Me blir ikkje milliardærar av å drive bryggjeri, men det er heller ikkje motivasjonen, fortel dei nyetablerte bryggjemeistrane.

Sjue og Cooper har drive bryggjeriet Austmann Bryggeri saman med ein tredje kamerat i sju månader, og har nett bryggja brygg nummer 100. I løpet av dei sju månadene har dei vunne heile 13 kontraktar med Vinmonopolet. Tre av desse ølsortane blir fast inventar i Vinmonopolet sine hyller i minst eitt år framover.

Austmann er også det einaste bryggjeriet som får sitt eige påskeøl i dei same hyllene. Dei tre gamle damene har med andre ord ikkje investert fåfengt, og gründerane greier seg førebels fint utan gullkanta vitnemål.

(Artikkelen held fram under biletet)

Etikett

SKRYTEVEGG: Alle ølsortane får naturlegvis etiketten sin klistra opp på veggen.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

– Mange føler nok eit press for å fullføre utdanningane sine berre for å ha noko, men eg veit ikkje heilt kva eg skulle ha gjort med min – henge han på veggen, smiler Cooper.

Både Sjue og Cooper ser føre seg at dei kan kome til å setje seg på skulebenken att, men det blir med føremål om å drive bryggjeriet meir profesjonelt.

– Eg antek at det ikkje blir geografi som står på timeplanen neste gong eg set meg på skulebenken, seier Sjue.

Arrangerte streik mot normerte prøvar

Harald Stanghelle

DROPPA UT: Politisk redaktør i Aftenposten, Harald Stanghelle, hadde sin siste dag på skulen i niande klasse.

Foto: NRK

– Eg hadde stor glede av å ikkje gjere ei einaste matematikklekse, som ein nokså tåpeleg protest mot rektor, og han hadde like stor glede av å stryke meg, seier Harald Stanghelle.

Harald Stanghelle er politisk redaktør i Aftenposten, men har ikkje høgare utdanning enn ungdomsskule. Som elevrådsleiar arrangerte han streik mot normerte prøvar. Slik kom han på kant med rektor ved skulen, som også var matematikklærar.

– Min siste dag på ungdomsskulen var også min siste dag på skule i det heile teke. Med NG i matematikk var alle vegar stengde for meg, og eg kunne difor ikkje gå på gymnaset, fortel Stanghelle.

Reaksjonane frå Stanghelle sin familie var for over 40 år sidan temmeleg like reaksjonane som Sjue og Cooper fekk.

– Mange var nok skuffa over at eg hadde stilt meg i ein slik situasjon. Eg var ganske ung og opprørsk. Eg ville leve det frie livet – reise – skrive – leve ut dei draumane eg hadde. Eg hadde eit meir romantisk forhold til det som sekstenåring enn eg fekk seinare, seier Stanghelle.

Ikkje berre å reise til sjøs som 15-åring lenger

Stanghelle vil likevel ikkje tilrå ungdom å slutte på skulen.

– Ein kan kome til å måtte kjempe med nett den avgjersla. Eg hadde ein periode der eg gjekk arbeidslaus i eit halvt år. Den tida sakna eg dei formelle papira som ei utdanning gjev, seier Stanghelle.

Sjølv om Stanghelle hadde det som skulle til å for å fullføre skulen om han hadde ynskt det, trur han det er verre no enn tidlegare.

– Eg trur at skulen på mange måtar har kome inn i eit for einsidig teoretisk spor. Me har også eit arbeidsliv som krev eit teoretisk fokus i sterkare grad enn tidlegare, noko eg tykkjer er synd. Det går utover ein god del unge som hadde vore verdt ei helt anna framtid, avsluttar Stanghelle.