Hopp til innhold

Strid om enorme skogar til jordskifteretten

Det er no klart at jordskifteretten vil ta opp saka om den enorme eigedommen til Meraker Brug i Meråker. Er det bruket eller bøndene som eig skogane?

Jordskifteretten i Meråker

Det var fullt opp av tilskodarar og presse under det saksførebuande møtet tidleg i september.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Tore Øien og Bjørn Strid

Tore Øien og Bjørn Strid kjenner seg sikre på at dokumenta dei har, viser at Meraker Brug berre har hogstrett i skogane.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Fleire bønder hevdar at Meraker Brug ikkje sit på retten til eigedommane, men berre har hogstrett i skogane.

Dersom det viser seg å vere rett, vil det få enorme konsekvensar for jakt-, fiske- og kraftrettar, samt hyttebygging i Meråker.

– Torsdag fekk vi beskjed om at saka blir tatt vidare, seier Tore Øien, ein av bøndene som gjer krav på eigedomsretten.

– Vi hadde håpa, og delvis forventa, at dette vart konklusjonen til jordskifteretten, seier han.

– Vi må ta til etterretning at det no blir ei realitetshandsaming av saka. Håpet er at dette skjer raskt, seier Per Hembre, dagleg leiar i Meraker Brug.

Viser til skjøte frå 1866

Det er eit papir frå 1866 som ligg til grunn for tvisten, og Bjørn Strid og Tore Øien er gardbrukarane som har gått inn i saka og no skal møte «bruket» i retten.

Dei meiner at det historiske dokumentet viser at den over ein million mål store eigedommen ikkje høyrer til Meraker Brug, men alle gardbrukarane i kommunen.

– Vi meiner at jordskifteretten er rett instans til å ta seg av dette spørsmålet, seier Tore Øien.

Partane møttest i eit saksførebuande møte i starten av september.

Det var stor interesse for saka, og det var fullt opp av både presse og tilhøyrarar på møtet.

Her fekk begge partane legge fram sitt syn, og så vart det opp til jordskifteretten om saka skulle vidareførast eller leggjast vekk.

Kan ikkje selje hyttetomter

No er det klart at jordskifteretten vil sjå nærare på saka. Det er i seg sjølv ein seier for Strid og Øien.

Dette betyr også at Meraker Brug ikkje kan selje tomter frå eigendommen før eigarskapen er avklart. Jordskifteretten har nemleg lagt ned delingsforbod på eigedommen så lenge saka ikkje er avgjort.

– Det er klart at dette hemmar oss. Vi er ikkje interessert i at denne situasjonen skal vare lenger enn naudsynt, seier Per Hembre, dagleg leiar i Meraker Brug.

Han håpar at saka kjem opp raskt for jordskifteretten, og seier at det ligg føringar om det i avgjerda frå jordskifteretten.

– Feil tidleg på 1900-talet

Strid og Øien har heile tida sagt at dei kjenner seg sikre på at dei har rett. Det er om lag seks år sidan dei begynte å nøste i saka.

– Området det er snakk om, høyrde til ei rekkje gardar og gardsnummer. Men frå 1907 ser det ut til at det plutseleg inngår i eitt samla gardsnummer som høyrer til Meraker Brug, seier advokaten til bøndene som vil gå til sak mot bruket, Bjørn Hofstad.

– Det fins ingen dokumentasjon for korleis det kan ha gått føre seg, og spørsmålet er vidare om det som har gått føre seg, er haldbart, seier Hofstad.

Papira frå 1866, som viser at det er bøndene som eig området, kjem frå den siste matrikuleringa som vart gjort i landet.

– Dette er den eigedomsregistreringa som gjeld overalt ellers, så korfor skulle den ikkje gjelde her, seier Tore Øien.

Han meiner det vart gjort ein feil tidleg på 1900-talet, og at bøndene ikkje var klar over at det vart gjort ein urett mot dei.

– Folk var ikkje obs på det. Dei kunne jo knapt lese og skrive, så det er forståeleg, seier han.

Meraker Brug slik vi kjenner det i dag vart stifta i 1906. Det er Noregs største privateigde utmarkseigedom, og er eigd av Astrup Fearnley Stiftelsen og Stiftelsen Thomas Fearnley, Heddy og Nils Astrup.