Hopp til innhold

Skal forsøke å dra skipet av grunn i dag

Lasteskipet MS Scan Master har stått på grunn utanfor Hemnskjela i Snillfjord kommune sidan natt til søndag. I ettermiddag skal dei på ny forsøke å dra skipet av grunn.

MS Scan Master

Lasteskipet MS Scan Master har stått på grunn utanfor Hemnskjela i Snillfjord kommune sidan natt til søndag.

Foto: Stein Lorentzen

I ettermiddag er det høgvatn og då skal slepebåtene Squalus og Abramis hjelpe til med bergingsarbeidet.

Skipsførar på Abramis, Paul Myhre, er klar til å forsøke å dra det 72 meter lange lasteskipet av grunn i ettermiddag.

– Me held framleis på med å losse fiskesloa over i ein ny båt, seier Paul Myhre.

Lasteskipet fraktar fiskeslo og hadde 600 tonn ombord. Fiskesloa blir no flytta over i skipet Hedda. Losseoperasjonen byrja i går.

– Me skal forsøke å dra skipet av grunn i 15-tida i dag, held han fram.

Natt til søndag

Lasteskipet med eit mannskap på seks, grunnstøytte natt til søndag. Ingen personar vart skadd, og det var heller ikkje lekkasje frå skipet, opplyste Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS) då.

MS Scan Master er eigd av Grøntvedt Shipping på Brekstad, og er på 1250 dødvekttonn. Båten har trafikkert kysten av Midt-Noreg i fleire år. NRK har førebels ikkje lukkast med å få kontakt med Grøntvedt Shipping.