– Den var ung, nysgjerrig og tillitsfull, seier Opdahl til NRK.
I 23-tida tysdag 12. august var Arne Opdahl (61) frå Oppdal på sykkeltur i fjellet.
Han var på veg over skaret bortover langsmed Langtjønna og Grønntjønna mot Blåhøa over Trollheimen
Brått møtte han på ein rev.
- LES OGSÅ: Her jager katten Mango reven
Ikkje kamerasky
– Den sat og kika på sauene som gjekk der på 10 meter avstand då eg såg den. Eg stoppa og gjekk av sykkelen, og likevel sprang den ikkje sin veg, fortel Oppdahl.
– Eg har sjeldan sett ein så tam rev.
Opdahl tok fram mobiltelefonen og tok bilete av reven med blitz.. Då sprang den 10-20 meter unna, men kom fort tilbake igjen og då byrja han å filme den i staden for.
– Det var skyfritt og månen var oppe, og så lyst som det kunne bli så seint på kvelden. Derfor ser ein godt reven på filmen utan at eg måtte bruke ekstra lys, seier han.
- LES OGSÅ: Rev beit til i gamasjen til Einar
Sær i kosten
Det spesielle med reven han filma på sykkelturen var at den var så uredd, fortel Opdahl.
– Fyrst lurte eg på om den var sjuk, men den var nok berre svært interessert i sauer. Den var ung, sikkert ein fjorårsunge, og derfor ikkje naturleg sky som dei vaksne revane er.
I tillegg hadde den nokså uvanleg matlyst.
– Reven forsynte seg av både blåbær og blokkebær. Den er jo ein åtseletar og såleis ein konkurrent til oss menneske om matfatet, men det var artig å sjå at den òg åt bær, seier han.
- LES OGSÅ: Hund og rev er bestevenner
Eit godt reveår
Opdahl bur like under Allmannberget på Oppdal. Han er kommuneoverlege og fastlege i Oppdal og Rennebu. Når han ikkje jobbar, brukar han mykje tid i fjellet. No held han på å byggje seg ei bu ved Grønntjønna.
– Det er mykje rev i fjellet i år, seier Opdahl.
– Eg har ein lavo ståande ved sidan av der me byggjer bua, og der kom det ein rev innom og rota i maten vår ein dag. Og byggjarane som held på å setje opp bua for meg, fekk besøk av ein revunge i campingbilen sin, fortel han.
- LES OGSÅ: Her endte revens dager i isen