Hopp til innhold

Seks års fengsel for å ha påført kvinne abort

Ein 25-årig mann er i Sør-Trøndelag tingrett dømt til seks års fengsel for å ha framkalt abort hos ei kvinne utan at ho visste og ville det. – Framgangsmåten er nøye kalkulert og kynisk, meiner retten.

Rettssal 413

Rettssaken gjekk i Sør-Trøndelag Tingrett.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK

Sigbjørn Oldren

Politiadvokat Sigbjørn Oldren representerte statsadvokat Kaia Strandjord da dommen vart lest opp.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK
Forsvarar Tore Angen

Forsvarar for 25-åringen, Tore Angen.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK

Den 25-årige mannen er tiltalt for å ha blanda abortframkallande midler i drikken til kvinna slik at ho aborterte da ho var tolv veker på veg. Han har erkjent å ha gjort det.

Han er tiltalt etter paragraf 231, 232 og 245 i Straffelova, for å ha skadd kvinna og for å ha avbrote eit svangerskap under særleg skjerpande omstende og utan kvinnas samtykke.

Alle desse punkta blir tatt til følge. Retten legger til grunn at handlinga er gjort med overlegg.

Retten er i tvil om lengden på straffa. Dei meiner at mannen har hatt ein nøye kalkulert og kynisk framgangsmåte. Det at mannen har erkjent straffskyld kan ikkje ileggjast stor vekt, meiner retten. Mannen nekta at han sto bak aborten, både overfor kvinna og i to avhøyr. Først da han fekk framlagt bevis, innrømte han å ha gjort det.

Mannen blir òg dømt til å betale 200.000 kroner i erstatning til kvinna, men slepp å betale saksomkostningane.

Den tiltalte mannen tar omrømmingstid. Ankefristen er om to veker.

Kravde streng straff

Aktor Kaia Strandjord kravde sju års fengsel for mannen.

Forsvarar Tore Angen ba om at straffa vart så mild som muleg.

Bistandsadvokat for kvinna, Mette Skoklefald, la ned påstand om at den fornærma måtte få 300.000 kroner i erstatning.

Saka er så spesiell at det ikkje finst rettspraksis på området. Strandjord meinte det er viktig med streng straff, for å skape presedens og for å hindre at andre kopierer framgangsmåten.

Ville ikkje ta abort

I retten forklarte kvinna, som er tidleg i 20-åra, at dei to ikkje var kjærastar, men at dei har kjent kvarandre sidan vidaregåande skole, og har eit barn saman. Seinare hadde dei sex på ein fest – og ho vart gravid. 25-åringen vart fortvila da han høyrde om graviditeten, og prøvde å overbevise kvinna om at ho måtte ta abort.

Det ville ho ikkje.

– Det var ikkje aktuelt med abort for meg, forklarte kvinna.

Bestilte abortpiller på nett

25-åringen forklarte i retten at han bestilte dei abortframkallande midla på internett, og lurte dei i kvinna ved to høve.

Den første gongen ga han kvinna ein tablett, men det resulterte ikkje i abort.

Nokre dagar seinare blanda han midla i drikke som han serverte henne, og denne gongen vart kvinna dårleg, med sterke smerter. Ho fekk mistanke om at det kunne ha vore legemidler i drikken, og kontakta fastlegen sin for å ta prøver. Prøvene viste at ho hadde fått i seg aborttablettar, og at ho hadde mista fosteret.

Dette skjedde i mars 2014.

Dommar Olav Magnus Hohle

Dommar Olav Magnus Hohle las opp dommen tysdag formiddag.

Foto: Elisabeth Skarrud / NRK