Hopp til innhold

«Slincraze» tok RAMP-stipendet

– Kven hadde trudd at Åge Aleksandersen skulle like samisk rap, seier ein sjokkert vinnar.

Nils Rune Utsi

RAMP: Nils Rune Utsi kallar seg Slincraze, og vart 250 000 kroner rikare laurdag kveld.

Foto: Pia Tøhaug / NRK

– Eg forstår ikkje kva han syng om, men opplevinga er heva over det. Han er sinnsjukt talentfull, seier Åge Aleksandersen til NRK.

Namsos Rockfestival går mot slutten, og tida er inne for å dele ut 250 000 kroner til eit ungt talent. Til lyden av låta Ramp, kjem juryleiar Åge Aleksandersen inn på scena, medan ein glad 22-åring ventar spent i kulissene.

– Fabelaktig musikk

Åge Aleksandersen og Nils Rune Utsi

IMPONERT: Åge Aleksandersen vart rørt av musikken til Nils Rune Utsi, sjølv om an ikkje forstår kva han rappar om.

Foto: Pia Tøhaug / NRK

– Eg har høyrt på alle søknadane, og har fått ein saftig dose lyden av Noreg. Plutseleg kjem det noko som grip meg veldig sterkt. Ein spesielt fingeravtrykk, eit ungt menneske som har noko på hjertet, fortel Aleksandersen.

Fingeravtrykket heiter Nils Rune Utsi, men kallar seg Slincraze. Han trudde ikkje sine eigen øyre då han fekk vite at han skulle få stipendet.

– Det er ei utruleg stor ære! seier Utsi, før han framfører låta «Varjalan», som tyder vern. Med seg på scena hadde han makkeren Ole Kristoffer Hætta (20).

– Det er eit eller anna med han. Dette er heilt fabelaktig musikk, seier juryleiaren imponert.

Musikk som terapi

22-åringen sjølv synest det er morosamt at Aleksandersen er så oppglødd over musikken hans. Gleda er stor over at akkurat han, blant 250 søkarar, kan stå som vinnar i dag.

– Eg har jobba hardt, og det er fint å bli anerkjent utanfor Nord-Noreg. Eg håpar det er fordi eg har arbeidd så lenge og blitt flink til deg eg gjer. Kven hadde vel trudd at Åge Aleksandersen skulle like samisk rap, ler finnmarkingen.

Musikken har likevel ikkje vore berre latter og glede i livet hans. Etter ein tøff oppvekst med mobbing, har han brukt rap og tekstskriving til å komme over det han kallar eit levande helvete.

– Ein har alltid arra frå oppveksten, men i dag er det over, og eg har eit nytt liv. Å skrive tekstar er som terapi for meg, og vinnarlåta handlar om faren min. Han døydde for to år sidan, og han gjort meg til ein betre person. Han var ein klok fyr, for å seie det sånn, fortel Utsi.

Trur ikkje på fattige kunstnarar

Med ein kvart million meir å rutte med, kan Slincraze no halde fram med å rappe om kvardagslivet sitt. Han har ikkje bestemt seg for kva pengane skal brukast til, men Åge Aleksandersen trur ikkje at ein større bankkonto vil gjere musikken hans noko dårlegare.

– Eg veit sjølv kor bra det kan vere å ha litt pengar i lomma. Eg har ikkje trua på den fattige kunstnarmyten, men trur at det er veldig bra at unge kan få armslag til å vidareutvikle det dei gjerne vil.

Bjørn Tore Hals

VIL SJÅ MEIR: Bjørn Tore Hals i Rock City håpar at vinnaren vil bruke pengane til å utvikle seg vidare.

Foto: Pia Tøhaug / NRK

Målet med stipendet er nettopp å gi rom for at musikarane kan utvikle seg vidare. Då er det ikkje nok å berre vere talentfull, fortel Bjørn Tore Hals i Rock City.

– Nå ein søker må ein skildre korleis ein har tenkt å lage seg ein karriere. Det er viktig å ha ein gjennomtenkt idé, og det er ikkje nok å vere flink, seier Hals.

Prisvinnaren sjølv har nokre tips til andre som vil opp og fram, og kanskje vinne stipendet neste år:

– Det er berre å jobbe hardt. Viss ein verkeleg vil jobbe med musikk så må ein satse, seier Utsi.