Hopp til innhold

Spennande og målrikt på Lerkendal

Etter ti minutt leda RBK 2-0 over Haugesund. Halvvegs ut i andre omgang gjekk bortelaget opp i leiinga, men så kom Rosenborg supersterkt tilbake!

Mike Jensen scora kampens første mål

Mike Jensen sto for det første målet i kampen, etter berre knappe fire minutt!

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Følg kampen her - minutt for minutt: (kampstart klokka 19)

Laster innhold, vennligst vent..

Rosenborg stilte mot Haugesund på Lerkendal utan John Chibuike på banen.

I går vart RBK og den tyrkiske klubben Gaziantepsor samde om ein overgang for Chibuike, og det er berre det formelle som står att før han er klar for tyrkisk fotball.

– Vi har vore i forhandlingar med den tyrkiske klubben, og har blitt samde om ein overgang for John, seier sportsleg leiar i Rosenborg, Erik Hoftun, til rbk.no.

Det betyr ikkje at Chibuike ikkje blir å sjå på Lerkendal i kveld, sjølv om han ikkje skal spille kampen.

– Om alt går slik vi håper, vil John vere på Lerkendal og ta farvel med publikum, seier Hoftun til rbk.no.

Før søndagens kamp ligg Rosenborg på fjerdeplass på tabellen. Dei har 23 poeng, og ligg med det 10 poeng bak serieleiar Molde. Haugesund ligg på nedrykksplass, tredje sist, med 10 poeng.

Da dei to laga møttest på Lerkendal i fjor haust, enda kampen uavgjort 1–1.