Jobben med å fylle Lerkendal til randa i serieavslutninga er allereie godt i gang.
Kenneth Kjelsnes, talsmann for supportarklubben Kjernen, håpar på at mange tek turen.
– Om det blir heilt fullt, veit eg ikkje, for stadion tar jo rundt 22.000 tilskodarar. Men eg håper at vi rundar 20.000 på tribunen, det hadde vore artig, seier han.
Fansen er sterke i trua
Etter trenarskiftet i sommar har RBK fått ordentleg sving på sakene, og er haustens store formlag i eliteserien.
Det gjer at fansen er sterke i trua før serieavslutninga mot Strømsgodset.
– Laget spelar bra, det er ikkje berre det at dei vinn, seier Lars Aaberg Stenvik.
– Det er optimisme i laget, meiner han.
Trondheimslaget kan sikre seriesølvet på sundag, men da er dei avhengige av at erkerivalen Molde gjer jobben mot Odd.
Les: Tornekrattet gir blaffen i Rosenborg
– Viktig å slå Odd
Amanda Vågen er eigentleg Molde-supporter, men unner RBK å vinne denne kampen.
– Så lenge Molde vinn serien, så kjem det på det same for meg kven som kjem på andreplass, ler ho.
Kenneth Kjelsnes erkjenner at det er gull som teller for Rosenborg, men at sølv også er viktig.
– Det er viktig å ende opp før Odd på tabellen. Det ville ha vore eit greitt punktum for ein god haustsesong, seier Kjelsnes.