Hopp til innhold

No har Louila fått ny nyre

Etter ein fem år lang kamp har 31-åringen frå Filippinane fått nyretransplantasjonen ho trengde. Men framleis kjempar kvinna for å få bli i landet.

31-åringen fra Filippinenene har fått nyretransplantasjonen hun trenger, men har fortsatt ikke oppholdstillatelse i Norge

Louila Tuban (31) er glad for at nyretransplantasjonen hun har ventet på i fem år var vellykket.

Louila Tuban

Louila Tuban fekk for eit par veker sidan nyretransplantasjon ved Rikshospitalet i Oslo.

Foto: Stein Lorentzen

– Eg har hatt ei nyre som ikkje har fungert i fem år, så no er eg svært glad, seier Louila Tuban.

I midten av februar fekk ho si nye nyre på Rikshospitalet i Oslo.

No skal 31-åringen vere under observasjon i Oslo i nokre månader.

Fem tøffe år

Dei siste åra har ho fått dialysebehandling ved sjukehuset i Levanger, fem dagar i veka, men før jul var det klart at hjartet hennar snart ikkje tolte meir av den tøffe behandlinga.

Pasientar som Louila blir vanlegvis nyretransplantert i løpet av 40 dagar. Men forskriftene til Rikshospitalet krev at dei som får ein transplantasjon i Noreg må ha permanent opphaldsløyve.

Årsaka er at pasientane og donor har behov for livslang medisinering og oppfølging i ettertid. Så langt har Utlendingsnemnda berre gitt Louila mellombels opphald i landet.

Redd for å bli sendt ut av landet

Men i november ombestemte Rikshospitalet seg. Og etter transplantasjonen har Louila Tuban behov for medisinsk oppfølging resten av livet og ho håpar ho snart får permanent opphaldsløyve.

– Eg veit ikkje kva som skjer, dersom dei sender meg tilbake til Filippinane. Eg er redd for konsekvensane, men kjærasten min har sagt at han skal hjelpe meg og at han ikkje kjem til å gi meg opp.

Louila Tuban kom til Noreg som au pair i 2010. Kort tid etter fekk ho akutt nyresvikt, og vart innlagt ved sjukehuset Levanger. Ifølgje legane kunne ho ikkje ha visst om sjukdomen då ho kom til landet.

Men vertsfamilien trekte tilbake arbeidsavtalen då ho vart innlagt på sjukehus, og dermed hadde ho ikkje noko grunnlag for å bli i Noreg.

Kjempa saman

Tor-Erik Widerøe

Overlege ved nyreseksjonen på Sjukehuset Levanger Tor- Erik Widerøe, er svært glad for at Louila Tuban endeleg har fått nyretransplantasjon.

Foto: Tone Iversen

Overlege Tor-Erik Widerøe har kjempa saman med Louila Tuban dei siste fem åra. Han har venta med å pensjonere seg til det var klart at ho fekk transplantasjon.

– Han er min helt, og er både ein dyktig lege og eit godt menneske, seier Louila Tuban etter transplantasjonen.

No bur ho i Levanger saman med sambuaren Frank Haugskott, som ventar på at ho skal kome heim. Men førebels må Louila vere i Oslo for observasjon i nokre månadar.

Louila Tuban og Frank Haugskott

Heime i Levanger ventar sambuaren Frank Haugskott. Her eit bilete av Louila Tuban og sambuaren frå eit sjukehusbesøk før jul.

Foto: Rita Kleven