Hopp til innhold

Pensjonistane vil kjempe for rutehefta

Busselskapet i Trondheim har planar om å kutte ut dei trykte rutehefta. Det nektar Pensjonistpartiet i byen å godta.

Rutehefte AtB

Slik ser dei velkjente rutehefta for Trondheim ut. Frå og med juni må ein bestille tabellar på papir.

Foto: Tone Iversen / NRK

– AtB må huske at det er mange eldre som ikkje bruker internett og app'ar på mobiltelefon, seier Svein Otto Nilsen, toppkandidat for Pensjonistpartiet i Trondheim.

Det meste av ruteinformasjonen til AtB i Trondheim og resten av fylket vil bli nettbasert frå og med ruteendringa som skjer i juni.

Kan få tilsendt papirtabellar i posten

Grethe Opsal, AtB

Grethe Opsal, marknadssjef i AtB.

Foto: AtB

Marknadssjef Grethe Opsal i AtB forsikrar at selskapet har tenkt på dei som ikkje har tilgang på rutetabellane på nett eller via app'en.

– Dei som vil ha rutetabellane på papir, kan ringe til kundesenteret vårt på telefon 177, så får dei tilsendt dei tabellane dei treng, seier ho.

Bakgrunnen for at AtB tar bort dei små hefta med alle bussrutene i, er at dei vil at rutetabellane skal vere oppdaterte til ei kvar tid.

– Det kan vere trykkfeil i heftet, eller det kan bli endringar i løpet av året. I tillegg er det lite miljøvenleg å trykke opp og distribuere hefte til dei som ikkje lenger har bruk for det, seier Opsal.

Tidlegare har dei trykt opp mellom 200.000 og 300.000 hefte kvart år. Desse hefta har blitt sendt ut til alle husstandar.

– Vi veit at mange bruker andre kanalar, så no trur vi at dette blir ei god løysing.

Bør legge ut hefte

Svein Otto Nilsen

Svein Otto Nilsen, listetopp for Pensjonistpartiet i Trondheim.

Foto: privat

Men dette er ikkje bra nok, meiner Pensjonistpartiets Svein Otto Nilsen.

– Mange treng tilgang på fleire rutetabellar. Om ein skal frå Vikåsen til City Syd, må ein skifte buss fleire gonger, og treng fleire tabellar, seier han.

– Å slippe i alle postkassene, det er tull. Men det bør vere muleg å få eit rutehefte av bussjåføren, på offentlege kontor og til dømes i Hornemannsgården. Med ei slik løysing vil AtB uansett spare mykje, trur han.

Sommarrutene starter 22. juni, og det blir første ruteendring utan papirtabellane.

– Det er ikkje slik at vi sluttar med papirvarianten, vi skal berre gjere det litt annleis, seier Grethe Opsal i AtB.

– Vi lagar til dømes samanslåtte tabellar for distrikta, der lokalbussar og stamruter er slått saman. Det vil bli enklare å forstå, trur ho.

Opsal seier at systemet skal evaluerast etter kvart.