Hopp til innhold

Ja til Norske Skog sin gjeldsplan

Eit nødvendig fleirtal av obligasjonseigarane i Norske Skog sa idag ja til å forlenge Norske-Skog-gjeld som forfall i år, fram til 2026.

Avispapirfabrikken Norske Skog på Skogn.

Eit naudsynt fleirtal av obligasjonseigarane i Norske Skog sa i dag ja til å forlenge dei, slik at Norske Skog får meir tid på å betale ned gjeld.

Foto: Eivind Aabakken/NRK

I ei børsmelding onsdag ettermiddag opplyste selskapet dette.

- Vi er veldig godt nøgde med dette, seier Sven Ombudstvedt, konsernsjef i Norske Skog. Han seier dette aukar selskapet sin bokførte eigenkapital med meir enn 1 milliard, og vil redusere årlege renteutbetalinger med meir enn 100 millionar kroner årleg, samt forlenge gjeldsforfall.

Første av fleire hinder

I heile vinter har Norske Skog slite for å få på plass ordningar for å forlenge nedbetalingar av lån, og utsette innfriing av fordringar som forfell i år og neste år. Til saman er det snakk om 3 milliardar kroner som skal betalast denne og neste sommar. Ein milliard i juni dette året og to milliardar i juni til neste år. Det var det første hinderet selskapet i ettermiddag var over.

Les meir om det gjeldsråka selskapet.

Blir avgjort i utanlandske styrerom

Det er ikkje lenger norske eigarinteresser som avgjer framtida til den norske skoggiganten. I fleire rundar denne vinteren har konsernet forhandla med skyldnarar og eigarar. Selskapet har og stått som sentrum i fleire rettsrundar i New York.

Så seint som dei siste dagane har ei mengd aksjer skifta eigar, til dømes har selskapet Cyrus kontrollert av investeringsselskapet Blackstone, selt seg ned kraftig i selskapet, trass i den låge aksjekursen, som i går enda på 1,94 pr. aksje. Onsdag vart selskapet omsett for heilt nede i 1,92 pr. aksje. For ti år sidan vart Norske Skog-aksjen omsett for 110 kroner.

PM2 Norske Skog Skogn

Papirmaskinene har rulla på Skogn sidan 1966. No lyser raude lånetal for selskapet.

Foto: Eivind Aabakken/NRK

Med revisor og finanstilsyn på nakken

Selskapet har også fått både eigen revisor og Finanstilsynet på nakken. Tirsdag la selskapet ut ei børsmelding som sa at Finanstilsynet er skeptisk til korleis Norske Skog verdifastsett dei subsiderte kraftkontraktane dei har i Noreg. For å sikre desse mot verdifall i norske kroner mot utanlandsk valuta, har selskapet valt å prissette dei i euro, noko tilsynet har varsla selskapet om at dei er kritiske til.

Usemja dreier seg om ein dissens kring verdifastsetting som kan gjere fjorårets rekneskap fleire hundre millionar dårlegare enn kva selskapet har operert med, og i realiteten inneber at selskapet hadde negativ eigenkapital ved årsskiftet. Også revisor har vore kritisk til ein del av rekneskapsføringa til selskapet.

Krise 50 år etter starten

Vinteren 2016 er ein spesiell vinter for selskapet. Rekner vi oss tilbake 50 år, er vi tilbake til vinteren 1966. Da opna første fabrikken til Norske Skog, morfabrikken på Skogn i Levanger, og skogeigarane i Trøndelag og Midt-Noreg var uvanleg stolte. 1. mars i 66 kom den første tømmerbilen inn på anlegget og den første papirmaskina vart sett i drift.

Vinteren 2016 er det dermed krise i eit jubileumsår.

Men ei sky på himmelen i det jubileumsåret forsvann med børsmeldinga onsdag 6. april.

.

Norske Skog Skogn

Skyene har langsomt tårna seg opp over Norske Skog etter ein global storhandel i papirindustrien rundt årtusenskiftet.

Foto: Linda Bjørgan / NRK