Hopp til innhold

Ola kjempar for landet

For Ola Borten Moe er eit sjølvstendig Noreg ei viktig kampsak.

Ola Borten Moe og Anna Cecelie Brustad på Stortinget
Foto: Knut Falch / Scanpix

Gardbrukaren frå Leinstrand i Trondheim blei aktiv i Senterpartiet i forkant av EU-valet i 1994.

Sidan den gongen har kampen for eit sjølvstendig land vore veldig viktig for Ola Borten Moe, som er barnebarn av tidlegare statsminister Per Borten.

– Ikkje fordi vi nødvendigvis er betre enn andre, men fordi eg trur vi innanfor ramma av den norske nasjonalstaten har mulegheita til å byggje eit best muleg samfunn. Overnasjonal styring frå Brussel utan demokratisk kontroll er ikkje i samsvar med det. Verda treng også uavhengige stemmer, nokon som ikkje har interesser i alt, seier Borten Moe.

Mulegheiter til alle

Dei neste fire åra vil Ola Borten Moe også kjempe for at alle skal få like mulegheiter, over heile landet.

Han meiner for mykje makt, pengar og kompetanse er i ferd med å samle seg opp i Oslofjordsområdet.

– Sjølv med den veksten Trondheim har i dag, taper vi mot Oslo fordi dei veks mykje meir. Ei god utvikling betyr utvikling over heile landet, ei utvikling som gjer det muleg å utnytte ressursar og folk uansett kvar dei ønskjer å bu, seier Borten Moe.

For å få til det, må ein ha ein aktiv politikk, flytte ut statleg makt og komptanse og gjere aktive grep for å byggje opp nasjonale og internasjonale miljø også utanfor hovudstaden, meiner Borten Moe.

– Det Noreg har fått til med NTNU er eit godt døme på dette, slikt treng vi meir av, og det kjem ikkje av seg sjølv, legg han til.

Går for gjennomslag

For Ola Borten Moe er det viktig å få mest muleg gjennomslag for det programmet partiet går til val på når han skal velje politiske samarbeidspartnarar.

- Vi går til valg for fortsatt flertall med Ap og SV.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

- Frp står svært langt fra oss i mange viktige spørsmål. I synet på landbruks- og distriktspolitikken, den uansvarlege økonomiske politikken, uviljen mot å vere med på breie nasjonale kompromiss som klimaforlik og pensjonsforlik og ikkje minst tendensen til å stryke alle over ein kam. I tillegg uviljen til å sjå enkeltindividet enten det gjeld kriminal-, innvandrings- eller sosialpolitikk.

VIDEO: Ola Borten Moe og Senterpartiet skifta samarbeidspartner etter kommunevalet i Trondheim i 2003. (Artikkelen held fram under)

Video nsps_upload_2009_6_15_11_36_10_1112.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Open for bompengar

Korleis stiller du deg til å finanisere vegutbygginga i Trøndelag med bompengar?

– Lokale initiativ og eigenfinansiering er naudsynt for å komme vidare med viktige veg og miljøprosjekt i Trøndelag. Der kommunane sjølv ønskjer det, ser eg ikkje noko grunn til å stoppe det. Men presset må ikkje bli urimeleg og det må vere ei samordning mellom ulike prosjekt som gjer det muleg å reise gjennom fylket utan å betale full pris ved alle passeringar

Kva er ditt syn i rovdyrpolitikken?

– Mindre rovdyr. Mange stader ser vi at rovdyr dramatisk svekker næringsgrunnlaget og med det livsgrunnlaget. Ikkje minst for sørsamane er situasjonen no dramatisk fordi så mykje rein blir tatt. Store delar av tradisjonell beitenæring er også allereie lagt ned eller sterkt truga. Mange opplever også ei uvisse ved daglegdagse ting som å sende barna til skulen eller nytte naturen på vanleg vis. Slik skal det ikkje vere. Senterpartiet mener at vi skal redusere talet, ha betre måtar å telje dyra på og sette inn større ressurser på å ta ut skadedyr raskare.

Send epost til Ola Borten Moe

VIDEO: Grasrotoppgjer i Senterpartiet i 1999

Video nsps_upload_2009_6_15_11_32_5_1111.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.