Hopp til innhold

Marianne (19) kan bli landets yngste ordførar

Marianne Rossevatn (19) ligg an til å bli landets yngste ordførar nokosinne. For henne har Sp-topp Emilie Enger Mehl vore eit viktig forbilde.

Marianne Rossevatn

ORDFØRARKANDIDAT: Marianne Rossevatn er ordførarkandidat i Hægebostad kommune. I bakgrunnen er forbildet til den unge politikaren.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg har jo kanskje vore litt vrang, stilt spørsmål heime ved middagsbordet og engasjert meg.

Det seier Marianne Rossevatn om kvar det politiske engasjementet hennar starta. 19-åringen er ordførarkandidat i Hægebostad kommune i Agder.

Der ligg ho an til å bli Noregs yngste ordførar.

Rossevatn kjem frå ein politisk engasjert familie, som diskuterer og kan vere ueinige.

Eg måtte sende ei melding til mamma og spøre kor mange politikarar me hadde i slekta. Og det kom fram at det har vore ganske mange, på begge sider.

No ligg ho godt an til å bli den neste ordføraren i kommunen.

Det var Altinget som omtalte saka først.

Marianne Rossevatn på Senterpartiet sitt landsmøte

Rossevatn synest det er viktig med gode forbilde i politikken. – Me politikarar må vere bevisst på at me er forbilde og kva signal me sender, seier ho.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

NRK møtte Rossevatn på Senterpartiet sitt landsmøte i Trondheim. I helga har medlemmer frå heile landet vore samla for å vedta ny politikk.

Ser opp til Mehl

For den unge ordførarkandidaten har partikollega og justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) vore eit viktig forbilde.

Kristin Ljosland, Emilie Enger Mehl og Marianne Rossevatn.

Kristin Ljosland, Emilie Enger Mehl og Marianne Rossevatn på Senterpartiet sitt landsmøte.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg trur at ein må bane veg og vise at det er mogeleg å vere kvinne i politikken. Spesielt i Agder så ligg me langt bak og eg tenker at det då er ekstra viktig med slike forbilde.

– Me treng sånne forbilde som Emilie, understrekar Rossevatn.

Mehl er i dag den yngste statsråden i regjering. Som 28-åring blei ho tidenes yngste justisminister.

Det har inspirert Rossevatn.

– Ho er eit stort forbilde, særleg for meg som er senterungdom og ung ordførarkandidat.

Det var ho ikkje aleine om å synast på Senterpartiet sitt landsmøte. Der var det stadig nokon som ville ha eit bilete med justis- og beredskapsministeren.

Mehl blir tatt bilde med
Mehl blir tatt bilde av på landsmøtet
Mehl blir tatt bilde av på landsmøtet
Mehl blir tatt bilde av på landsmøtet

– Det er hyggeleg at det er god stemning og at ein løfter kvarandre fram. Det er fint å sjå mange gamle kjente igjen og mange nye fjes, sa Mehl om merksemda.

Statsråden heiar på unge som ønsker seg inn i politikken og tørr å engasjere seg. Ho let seg også inspirere av den unge ordførarkandidaten.

Demokratiet vårt er avhengig av at folk i alle aldrar stiller opp og engasjerer seg for lokalsamfunna dei bur i. Eg synest det er tøft av Marianne å stille til val. Det er inspirerande, og eg ønsker ho lukke til.

Ho innrømmer at det ikkje alltid har vore så lett å si hennar eigne meiningar høgt sjølv.

– Men det er viktig å ta med seg dei positive augeblikka og ha eit bevisst forhold til kva ein lar gå inn på seg. Det er veldig fint å vere her på landsmøtet, og kjenne på det fellesskapet ein faktisk er ein del av, fortsette Mehl.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl står på en scene. Vi ser deler av et bord og vannglass foran henne. Vi ser ikke ansiktet til Mehl, men ryggen og hennes lyse hår. I bakgrunnen en grønn lysstråle som går gjennom store deler av bildet

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) på scenen under partiets landsmøte i Trondheim.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Hets skremmer vekk unge politikarar

I forkant av kommune- og fylkestingsvalet til hausten har fleire parti slite med å få unge vaksne til å stille til val. Hets og sjikane mot politikarar blir peika på som ein sentral årsak.

Politikken kan vere tøff, og det kan vere brutale debattar og ein kan oppleve at folk seier mykje rart om deg.

Det seier Mehl som håpar unge, som Rossevatn, ikkje lar seg skremme frå å engasjere seg i politikken.

Les også Partiene bekymrer seg for økt politikerhets – får drapstrusler rett i innboksen

FpU-leder Simen Velle.

Generalsekretær i Høgre Tom Erlend Skaug har tidlegare fortalt NRK at dette er ei bekymring alle parti deler.

– Me opplever at det er mange som synest det er krevjande å stille opp til val fordi det er mange som blir utsett for hets, sa Skaug.

– Det er eit inntrykk at kvinner og unge politikarar er særleg utsette, fortsette han.

Den unge ordførarkandidaten i Hægebostad kommune har trass dette, ikkje opplevd å bli hetsa sjølv.

Men eg har jo sett andre, og tenkt «vil eg utsette meg sjølv for det?». Men viss ein er grundig og gjer jobben sin, så klarar ein det, legg ho til.