Hopp til innhold

Mange ville ta farvel med Nilofer

Fleire enn 200 møtte fram då Nilofer Naseri (27) blei gravlagt i Trondheim mandag føremiddag.

Begravelse Nilofer Naseri

Gravfølgjet etter Nilofer Naseri på veg til Kolstad gravlund i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Familie, venner og mange frå det afghanske miljøet i Trondheim møtte fram for å ta eit siste farvel med Nilofer Naseri som forrige veke blei drepen i Melhus.

Gravferda starta hos Svanholm begravelsesbyrå på Moholt i Trondheim klokka 1100, før gravfølgjet ein halvtime seinare køyrde vidare til Kolstad gravlund.

Ifølgje Adresseavisen var det fleire familiemedlemmar som tok ordet inne i seremonirommet under den første delen av gravferda.

– Ho hadde draumar, draumar ho tek med seg i grava i dag, sa broren til den døde kvinna ifølgje avisa.

Kriseteam deltok i gravferda

Fleire tilsette i Melhus kommune deltok også i gravferda.

– Kriseteamet og Familie og førebygging vil vere representert i gravferdsseremonien, seier Magni Lunde som er leiar for eininga psykisk helseteneste i Melhus kommune til Trønderbladet.

Kommunen oppretta kort tid etter drapet eit pårørandesenter på rådhuset i Melhus. Teamet var sett saman av psykiatriske helsearbeidarar, lege og lensmann.

Ektemannen sikta for drapet

Ektemannen til den drepne 27-åringen blei kort tid etter drapet tatt av politiet og sikta for forsetteleg drap. Mannen blei forrige veke varetektsfengsla i fire veker.

Det afghanske ekteparet har dei siste månadane hatt eit turbulent ekteskap og Nilofer Naseri ynskte å skilje seg frå mannen. Saman hadde dei ein to år gamal son.

Begravelse Nilofer Naseri

Eit stort gravfølge ville ta farvel med den 27 år gamle kvinna.

Foto: Morten Andersen