Hopp til innhold

Lossar skipet med 250 meter lange slangar

Det 1250 tonn tunge lasteskipet MS Scan Master skal tømmast for fiskeslo dei neste to dagane. 250 meter lange slangar skal brukast til å frakte fiskesloa over i ein tankbil.

MS Scan Master

Lossinga av MS Scan Master skal etter planen lossast i ettermiddag. Skipet har stått på grunn sidan natt til søndag.

Foto: Stein Lorentzen

Skipet har stått på grunn sidan natt til søndag utanfor Hemnskjela i Snillfjord kommune.

– Førebuingane er i gang, seier skipsførar på Abramis, Paul Myhre, som følgjer operasjonen.

– Det er ein tankbil på veg frå Oslo no med slangar som skal brukast til å få ut fiskeavfallet frå skipet. Dei har behov for 250 meter lange slangar til denne losseoperasjonen, fortel Myhre.

Han reknar med at sjølve losseoperasjonen vil ta halvanna døgn.

– Dei reknar med å bruke halvanna dag på å frakte bort alt fiskeavfallet som er ombord i båten. Dette avfallet skal deretter fraktast til ein ny tankbåt som skal ligge ved ei lita kai ved Hemnskjela eller på Sandstad, seier Myhre til NRK.

Gode forhold

Det var storm i området måndag, men i dag er tilhøve gode for å kome i gang med arbeidet.

– I dag er det vindstille og god temperatur, held Myhre fram.

Han reknar med at det enno vil ta to dagar før dei kan trekke skipet av grunn.

– Realistisk sett vil det ta to dagar før me kan trekke skipet av grunn. Me må først bli ferdig med losseoperasjonen og så må me vente på høgvatnet. No berre avventar me og ser korleis det går.

Natt til søndag

Det 72 meter lange lasteskipet med eit mannskap på seks, grunnstøytte natt til søndag. Ingen personar vart skadd, og det var heller ikkje lekkasje frå skipet, opplyste Hovedredningssentralen Sør-Norge (HRS) då.

MS Scan Master er eigd av Grøntvedt Shipping på Brekstad, og er på 1250 dødvekttonn. Båten har trafikkert kysten av Midt-Noreg i fleire år. NRK har førebels ikkje lukkast med å få kontakt med Grøntvedt Shipping.