Hopp til innhold

Leiter etter død laks i Namsen

Leitinga etter død laks i Namsen går føre seg for fullt. Så langt er 25 døde laks funne etter at det vart påvist furunkulose i vassdraget.

Leiter etter daud laks

Elevar frå sportsfiskelinja ved Grong vidaregåande skole er mellom dei som leiter etter fisk som har døydd av furunkulose.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Karina Moe, NINA

Karina Moe, feltarbeidar hos NINA.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Laksen må fjernast så sjukdommen ikkje skal spreie seg, og mange deltek i leitinga.

Så langt er det funne daud laks langs ti kilometer av Namsen, frå Grong sentrum og opp til Nedre Fiskumfoss.

– Vi blir uroa

Karina Moe, feltarbeidar hos Norsk institutt for naturforsking (NINA), er blant dei som leitar. Ho var med på å finne dei første døde fiskane under prøvefiske, og testar viste at dei hadde døydd av fiskesjukdommen furunkulose.

– Vi blir uroa, for det overraskar oss å finne furunkulose i elva på denne tida av året, seier ho.

Furunkulose slår ofte til når det er varmt i vatnet, og når det er lite vatn.

– No er det tvert imot kaldt og mykje vatn, seier Moe.

– Vi må kartleggje omfanget av sjukdomsutbrotet, og avgrense smittefaren for laksen som er i elva.

Leiter i sideelvene

Laks død av furunkulose

I 2008 døydde tre tonn laks i Sanddøla.

Foto: NRK Trøndelag

I sideelva Sanddøla var det eit større utbrot av furunkulose i 2008. Den gongen vart det funne tre tonn død laks.

Men Jan Olav Tømmerås, leiar i elveeigarlaget, fryktar ikkje så omfattande fiskedød no.

– Det er for seint på året til det, trur han.

Men også Sanddøla skal granskast.

Elevane på sportsfiskelandslinja ved Grong vidaregåande skole er med på leitinga etter dødlaks, og dei har gode leiteforhold.

– Det er klårt i elva, så vi ser godt, seier Eivind Leksås, ein av lærarane på linja.