Hopp til innhold

Kuttar i skolebygging i Malm

Foreldre ved Malm skole er redd planane for nyskolen i bygda skal smuldre opp. Malm skole og oppvekstsenter skulle romme både barnehagar og skole. Nå kan desse planane gå i vasken.

Fin vinterdag i Malm

Malm er kommunesentrum i Verran, her er det barne- og ungdomsskole og to barnehagar. No kan det felles oppvekstsenteret bli mindre enn planlagt.

Foto: Tonje Lorvik

– Vi såg for oss skole og oppvekstsenter med dei fasilitetane som høyer heime i eit nybygg no til dags, mellom anna kantine, kjøkken og auditorium med scene, seier leiaren i foreldrerådets arbeidsutval ved skolen, Geir Asle Rotabakk.

Fjernar viktige fellesrom

Malm skole

Malm skole vart for nokre år sidan pussa opp, bildet er tatt den gongen.

Foto: Politiet

Malm skole har i fleire år trengt fornying, mellom anna var verdiane av radongass i gamle Malm skole så høge at foreldra truga med å halde ungane heime. Det skjedde sommaren 2013.

Etter fleire rundar med diskusjon om framtida, vart alle partar før jul einige om å gå for eit oppvekstsenter.

Oppvekstsenteret skulle huse barne- og ungdomsskolen, og den private og den kommunale barnehagen i Malm. Det skulle bli stort, opent og framtidsretta.

Men no kan planane bli kraftig endra.

– Vi har fått sjå reviderte teikningar, og der er dei viktige fellesromma fjerna, seier Rotabakk.

Auditoriet, kantina og kjøkkenet ser ut til å vere tatt bort.

– Dette er rom som er viktige for samhandlinga mellom ungane, seier han.

Ny skole, nytt tak og ny terrasse

Foreldra meiner at kommunen bør ha faglege grunnar til å kutte i dei planane som alle har sagt ja til.

Ramma for nybygget var på 93,8 millionar kroner.

No er rådmannen i Verran kommune, Jacob Almlid, opptatt med å rekne på ein alternativ plan.

I vinter fekk han nemleg i oppdrag å finne ut korleis kommunen skal rehabilitere Folla skole, legge nytt tak på helsetunet og bygge ny terrasse på sjukeheimen – utan å bruke ei krone ekstra.

Kritiske til planlagde kutt

No fryktar foreldra ved Malm skole at oppvekstsenteret må ta støyten, og dei er òg kritiske til at kommunen vurderer å kutte i planane før dei har sendt ut bygginga på anbod.

– Vi er redde for at prosjektet som går ut på anbod, er for dårleg. Den gamle skolen har stått i seksti år, vi bør bygge for seksti nye år, meiner Geir Asle Rotabakk.

Rådmann Jacob Almlid seier til NRK at det er for tidleg å seie korleis Malm skole og oppvekstsenter vil bli sjåande ut. Når den nye planen er klar, er det opp til politikarane i kommunen å vurdere om det lønner seg å kutte noko.