Hopp til innhold

Filmar krigshistoria ingen ville snakke om

Historia som krigsveteranar har halde hemmeleg fram til no, blir ny dokumentarserie. Innspelinga er i full gang i Trondheim.

Teaser for dokumentarserien "Aliert og alene" som skal gå på NRK i 2015. Produsert av Ekkofilm

Desse klippa frå dokumentarserien «Alliert og alene» er ikkje vist før.

Filming i Korsvika

Det er Ekko film som lagar dokumentarserien «Alliert og Alene».

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK
Filmer krigsfilm i Korsvika

Statistar frå mange land er involvert i dokumentarserien.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK
Stian Trovik

Stian Trovik er regissør for dokumentarserien om invasjonen av Noreg i vårdagane 1940.

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

Mellom anna bruker dei Korsvika, det populære turområdet i Trondheim er gjort om til ei krigssone.

Tida er skrudd tilbake til 1940. Norske soldatar skyt mot tyskarane og prøver å stoppe invasjonen.

Over 600 statistar frå mange land er kledd opp i tidsriktige kostyme, og deltek i innspelinga av dokumentarserien «Alliert og Alene».

Benny Sæthermo har reist frå Mo i Rana til Trondheim for å vere med.

– Det er jo veldig artig å få lov til å vere med og dokumentere hendingar frå så mange år sida, særleg fordi det ikkje er science fiction. Dette er basert på noko som faktisk har skjedd, seier Sæthermo.

Gøymde og gløymde historier

Inne i eit lite lokale i Trondheim har Ekko film så vidt starta klippinga.

Dokumentarserien tar for seg felttoget frå 9. april til 10. juni i 1940. Noreg vart angripe av tyskarane, og fekk etter kvart hjelp av britiske, franske og polske styrkar.

– Serien er basert på 35 grundige intervju med krigsveteranar, fortel Stian Trovik, som er regissør.

– Historia om felttoget i 1940 er litt underfortalt. Kampane i 1940 gjekk ikkje så bra, og derfor har vi heller ikkje høyrt så mykje om det som skjedde. Med dette arbeidet har vi funne ganske mange gøymde og gløymde historier, seier Trovik.

Dokumentarserien skal framstille korleis soldatane opplevde vårdagane i Noreg, perioden som britane kallar «the forgotten fiasco» – den gløymde fiaskoen.

Trovik meiner at historia om felttoget i Noreg er forsøkt gøymd.

– Vi sit på forteljingar frå folk som kom tilbake til England frå felttoget. Dei fekk ordre om å aldri snakke om det som skjedde i Noreg. Det var eit løfte som mange har halde heilt til i dag.

Store heltar også i nederlag

Idylliske Korsvika er scene for landgangen i Narvik, kor franske soldatar er i ferd med å ta Narvik tilbake frå tyskarane.

– Dokumentarserien vil vise fram fleire sider av krigshistoria, seier Trovik.

– Det er fleire nyansar som har blitt borte undervegs, trur eg. Vi er glade i heltehistorier, og likar historier der det ender godt. Men i eit nederlag er det òg store heltar som gjorde alt dei kunne for landet sitt. I ettertid blir dei nesten gløymde, og dette håper vi no å få rette på, seier han.

Serien kostar 10 millionar kroner, og skal gå på NRK og svensk tv neste år, da er det 75 år sidan invasjonen.

NRK, Norsk film, Midtnorsk Filminstitutt, Forsvaret og Norsk kulturråd er mellom dei som står bak filmen.

Regissøren håper krigshistoria kan no bli meir nyansert.

– Eg trur og håper at serien kan vere med og skrive nokre nye kapittel til historiebøkene, og at vi får kasta lys over meir enn det vi lærer om når vi går på skolen. Eg trur at mange unike historier frå krigsåra vil komme fram, seier Stian Trovik.

Dokumentarserien "Alliert og alene" handler om starten av andre verdenskrig.De alliertes landgang i Narvik 1940 dramatiseres i Korsvika.