Hopp til innhold

Jøder i Trondheim: Sorg, sinne og bekymring

– Vi skal ha eit møte med politiet om tryggleiken ved synagogen i Trondheim, fortel styreleiar ved det mosaiske trussamfunnet i Trondheim, Rita Abrahamsen.

Den jødiske synagogen i Trondheim

Det er ikkje gjort ekstra tryggingstiltak ved synagogen på Kalvskinnet i Trondheim. Det mosaiske trussamfunnet i byen skal no møte politiet.

Foto: Hans H. Bjørstad

Rita Abrahamsen, styreleder for Det mosaiske trossamfunn i Trondheim.

Rita Abrahamsen, styreleiar for det mosaiske trussamfunn i Trondheim.

Foto: Morten Aandersen / NRK

Ho er bekymra etter terrorangrepa mot jødiske mål i Paris i januar og i København no i helga.

Terror mot debattmøte og synagoge

Laurdag ettermiddag i København vart det skote over 30 skot mot Kulturhuset Krudttønnen under eit debattmøte om ytringsfridom. Filmregissøren Finn Nørgaard vart drepen og tre politifolk vart såra.

Tidleg natt til søndag vart den jødiske mannen Dan Uzan skoten og drepen då han stod vakt utanfor ein synagoge i Krystalgade. To politifolk fekk skotskadar.

Mannen dei trur står bak begge angrepa, ein 22 år gamal tidlegare kjenning av politiet, vart skoten og drepen av politiet seinare på natta.

Åtti personar var inne i synagogen som vart angripen, men gjerningsmannen kom seg aldri så langt.

Ser eit mønster

Abrahamsen meiner å sjå eit mønster etter terroren i Paris og København.

– Vi i det jødiske miljøet her i Trondheim reagerer med sorg, sinne og bekymring.

Ho vil ikkje krisemaksimere, men seier dei no skal ha eit møte om situasjonen og tryggleiken ved synagogen i Trondheim.

– Vi skal ha eit møte med PST og politiet. Det er dei som skal sørge for tryggleiken vår, og vi blir tatt godt hand om, seier ho.

Abrahamsen håpar at norske styresmakter tek ansvar.

– Det som definerer eit demokrati, er korleis det demokratiet tek seg av dei mest sårbare gruppene i samfunnet. Her i Noreg er jødene ein minoritet, og no ser det ut til at jøder, berre i kraft av å vere jøder, er terrormål. Det er bekymringsfullt, og noko eg håper verda får opp augene for.