– Eg synest me har skaffa oss eit godt utgangspunkt. No står det null-null, og då held det med seier heime på Lerkendal på torsdag.
Slik oppsummerar Kåre Ingebrigtsen ståa etter kampen mot tyrkiske Karabükspor torsdag denne veka. Skal dei vidare i Europaligaen no, må dei vinne returkampen komande torsdag.
– På torsdag må me ut og angripe. Me skal tørre å vere oss sjølve og tørre å styre kampen. Så får me sjå om det blir godt nok.
Strandberg bidreg på alle område
I juni var det litt att og fram om midtstoppar Stefan Strandberg skulle bli eller forlate RBK, men no ser det ut til å ha roa seg.
- 09. juni: Strandberg trolig ferdig i RBK
- 10. juni: Strandberg får forlate RBK
- 24. juni: Strandberg trener med RBK igjen
Strandberg sa til adressa.no i går at han trivst godt i Rosenborg. Han har fått eit godt inntrykk av Kåre Ingebrigtsen og jobben han har gjort så langt. Strandberg kan bli i laget i to veker eller 15 år til, seier han til avisa, men ser an kva som skjer.
Den ferske Rosenborg-trenaren er svært nøgd med Strandberg seier han til NRK i dag.
– Så lenge eg har vore i klubben, har han vore ein strålande spelar og ein meget bra fyr i garderoben. Han har bidrege på alle område i klubben, og det er jo den typen spelarar me ynskjer å ha med oss vidare.
– Dei 11 dagane har gått fort
I løpet av dei 11 dagane Ingebrigtsen har vore trenar for RBK, har dei spelt kampar i Irland, Molde og Tyrkia.
– Det har vore hektisk, men veldig kjekt. Det er ein fantastisk klubb med ei fantastisk spelargruppe. Me har det gøy i lag både når me trener og er på tur i lag.