Hopp til innhold

Slik unngår du rottene:

Når nettene blir lange og kulda set inn, då kjem rottene og vil trenge seg inn i huset ditt.

Rotte
Foto: Pixtal Scanpix

Om hausten, når det blir kaldt og mørkt og lauvet fell frå trea er rottene på leiting etter varme og mat.

– Vi får kvar dag fleire hundre telefonar frå folk som har problem med rotter både innandørs og ute, seier dagleg leiar i BOSS Norge AS i Trondheim, Roy Hauan til NRK Trøndelag.

Hausten er høgtid

Vi går inn i ei tid med mykje mus og rotter. Ved skadedyrfirmaet Boss Norge AS i Trondheim merker dei at rottene har begynt å flytte inn i hus, garasjar og hagar.

– Med minusgrader over fleire dagar kjem rushet. Vi merkar det veldig godt og det er mange fleire som tek kontakt med oss no, enn for berre fjorten dagar sidan, seier Hauan.

Rotter kan gjere svært store skadar om dei kjem inn i bustaden din.

– Den dyraste rotteskaden vi har dekka, kom på to millionar kroner. Då måtte eit heilt hus totalrenoverast etter at rottene hadde herja, seier takstsjef Gunnar Leira i TrygVesta.

Formeirer seg raskt

Fleire skadedyrfirma kan fortelje at stadig fleire har problem med rotter. Milde vintrar fører til at fleire og fleire rotter overlever det som tidlegare var kalde periodar.

Om du oppdagar at du har rotter i huset, bør du handle raskt.

– Rotter har ein formidabel evne til å formeire seg. Om du får ei gravid horotte i huset, kan du under optimale tilhøve risikere å få ein bestand på seksti individ etter berre fire månader, seier Leira.

Frukt er snadder

Viss du vil unngå å få rotter i hagen og huset ditt, bør du halde det reint og ryddig rundt deg.

– Det er fint med komposthaugar, men dei er perfekte rottereir og viss du matar fuglar, kattar eller hundar, er det like mykje mat til gnagarane, seier Roy Hauan i BOSS Norge AS.

Han legg til at godt over halvparten av dei som har problem med rotter har hund og katt. Problemet er at dyra ofte blir fora litt mykje og då blir det mat til overs til rottene.

Også hagar der mykje frukt som blir liggande igjen etter innhausting er paradis for rottene.

– Gamal frukt er snadder for rotter. Vi reknar med det vil komme mykje rotter no framover, seier Hauan.

Slik unngår du rottene:

  • Ver spesielt merksam om hausten og vinteren når det blir kaldt ute. Rottene søkjer etter varme omgivnader og leitar etter opningar for å kome seg inn.
  • Ver også merksam om det er gravearbeid i nærleiken av huset. Rottene bur i grunnen og kloakksystemet, og vil ofte kome opp når det blir grave i jorda.
  • Unngå at rottene finn noko å ete. Pass på at matafall blir lagt i lukka behaldarar og at loket på søppelspannet er igjen.
  • Har du husdyr, eller likar å mate fuglane, må du unngå at rottene får tak i same maten.
  • Ikkje la rottene få fråtse i nedfallsfrukt og komposthaugar.
  • Sjå etter avføring og urinflekkar frå rottene.
  • Unngå opne kjellar vindauger, spesielt på seinhausten når det blir kaldt.
  • Pass på at det ikkje er opningar i grunnmuren eller kledning og tett igjen med rottenett viss det er nødvendig.
  • Hald eigedomen med gardsrom, garasje, lagerplass, kjellar og loft ryddig. Ved og materiale bør lagrast med minst 50 cm avstand til vegg og minst 35 cm opp frå bakken. Bed og busker tett inntil husveggen kan skjule rotter på vandring.
  • Har du mistanke om at du har fått rotter i huset – bruk øyrene! Rottene er ikkje lydlause, men dei er mest aktive om natta.