Hopp til innhold

Her knuser sementbåten hamna

Ein sementbåt krasja inn i havna i Levanger laurdag kveld. Mellom 10 og 15 fritidsbåtar er øydelagte og to av båtane har sunke.

Her ødelegger den store sementbåten mellom 10 og 15 fritidsbåter. Skadene på småbåthavna er i millionklassen.

LESERVIDEO: Her ødelegger den store sementbåten mellom 10 og 15 fritidsbåter. Skadene på småbåthavna er i millionklassen.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 2230 laurdag kveld.

Sementbåten har ligge til kai i Levanger havn og då den skulle leggje ut frå kai, traff den småbåthavna og mellom 10 og 15 fritidsbåtar.

– Sementbåten la ut frå kai og fekk problem på grunn av ein baugpropellfeil. Sjølv om båten hadde ein taubåt til å assistere seg, drog bakenden inn i småbåthavna og øydela både havna og fleire båtar, seier innsatsleiar Per Henrik Bykvist ved Levanger lensmannskontor til NRK.no.

Skadar for millionar

Sementbåt krasja inn i Levanger havn

Politi og brannvesen jobber på havna for å rydde opp.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

Flytebrygga står ifølgje folk i området loddrett opp. Enkelte plassar er brygga over båtane.

Ifølgje politiet er det snakk om skadar i millionklassen. Ingen personar skal vere skadd i krasjen.

– Det er vanskeleg å seie kor store skadar det er, men truleg snakkar vi om skadar for millionar på båtane og bryggesystemet som er øydelagt, seier Bykvist.

Køyrde vidare etter krasjen

Etter at sementbåten traff småbåthavn køyrde den vidare. Politiet varsla Kystvakta som var på Inderøy, slik at dei fekk stoppa båten.

– Vi valte å stoppe båten og det hadde vi gode mulegheiter til då vi fekk melding om kva båt dette var. Kystvakta på Inderøy sendte ein båt derifrå og fekk borda sementbåten. Dei fekk snakke med skipssjef og gjort avhøyr, seier Bykvist.

Ifølgje politiet har skipssjefen ei forklaring på det som skjedde. Det vil komme fram i den vidare etterforskinga av saka.

Jobber for å berge båtane

Klokka 0100 natt til søndag jobber både Brannvesenet og politiet for redde båtane over til ei trygg brygge.

– Vi har fått varsla dei fleste båteigarane og dei som driv og eig brygga har tatt kontakt med forsikringsselskap.

Folk i området NRK har snakka med seier dei har frykta at noko slik skulle skje i når den aktuelle sementbåten har ligge til kai.

Sementbåt krasja inn i Levanger havn

Flytebrygga står rett opp etter krasjen.

Foto: Terje Næss