Hopp til innhold

Her jobbar alle gratis

Svartlamon Samvirkelag i Trondheim blir driven på dugnad og ingen som jobbar der tener pengar.

Svartlamon Samvirkelag

Sjølv om butikken er liten, er det eit rikt utval av økologiske varer.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Alle medlemmane i Svartlamon Samvirkelag får vere med å bestemme korleis drifta skal gå og korleis ting skal gjerast, seier Torbjørn Kallstad som jobber i kassa på butikken til NRK.

Drive på dugnad

Svartlamon Samvirkelag er ein nærbutikk på Svartlamon i Trondheim.

Drifta er eit arbeidskollektiv der dei administrative oppgåvne er delt på medlemmane og den daglege drifta blir koordinert på opne allmøter. Ingen er sjef for butikken.

– Vi har ein heilt flat organisasjonsstruktur der alle har like mykje å seie, fortel Kallstad.

Landets minste?

Tove Suna Ulriksen

Tove Suna Ulriksen er ein av dei som jobbar gratis i butikken.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Svartlamon samvirkelag er 15 kvadratmeter. Men trass liten plass, har den eit stort vareutval med alt frå mat og drikke til vaskemiddel og frukt.

– Kundane våre får lov å komme med forslag til kva varer vi skal ta inn. I starten var det veldig lite varer, men no har vi tatt inn alt kundane har bedt om, seier Tove Suna Ulriksen som også jobbar i butikken til NRK.

Ho var ein av mange som var lei av å måtte gå frå butikk til butikk for å finne dei økologiske varene ho trong.

– Vi ville ha økologiske varer til ein normal pris. Vi var også lei av å ikkje kunne kjøpe det vi ville på grunn av økonomi, legg Ulriksen til.

Bevisste kundar

Folk på Svartlamon i Trondheim er opptatt av økologisk mat, så det var ikkje noko problem å rekruttere kundar til den nye butikken.

– Det er eit veldig bra tiltak og det er ekstermt mange og bra produkt her, seier Betty Nilsen som er ein av mange som handlar fast på den nye butikken.

– Det var veldig lett å starte opp ein slik butikk her, men vi håper sjølvsagt at andre bydelar kjem etter, legg Tove Suna Ulriksen til.