Hopp til innhold

Går i fakkeltog mot Eriksson

I dag stoppar Noreg i politisk streik. I Verdal skal fagrørsla gå i fakkeltog for å protestere mot sin eigen sambygding, arbeidsminister Robert Eriksson (Frp).

Forbereder politisk streik i Verdal

Bur seg på streik: Vegard Granaunet, organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, Ståle Johansen, klubbleiar Kværner Verdal, Lise Hegdal, LO-leiar i Verdal og Arild Stenberg, nestleiar LO i Verdal.

Foto: Bjørn Solli / NRK

Over heile Noreg blir det i dag markert motstand mot regjeringas forslag til endring av arbeidsmiljøloven.

Førebuingane i Verdal har foregått i det gamle posthuset ved Johannes Minsaas’ plass i sentrum på Verdalsøra.

På dei store bannera står det «Forsvar arbeidsmiljøloven» og «Samlet fagbevegelse mot regjeringas forslag til endring av arbeidsmiljøloven».

– Vi har to slike store banner som skal vere med i opptoga, og så har vi mange plakatar, seier LO-leiar i Verdal, Lise Hegdal.

Ho trur det blir stor oppslutning om streiken.

– Vi har fått signal om at det er mange som kjem. Minsaas' plass skal bli stinn av folk, seier ho.

Det skal gå fakkeltog fleire stader på Verdalsøra, mellom anna frå industriområdet ved Kværner Verdal.

At det er verdalingen Robert Eriksson, no arbeidsminister, som er motstandaren for fagrørsla, har ikkje noko å seie for LO-leiar Hegdal.

– Vi er sambygdingar, men vi har ikkje same politiske ståstad.

– Så det at han er verdaling, det hjelp ikkje?

– Nei.