Hopp til innhold

Ga alt han eigde til Helse Midt-Norge

Enkemannen gjorde Helse Midt-Norge til einearving. No ønskjer helseforetaket forslag til kva 5 millionar kroner kan brukast på.

Testamenterte gave til Helse Midt-Norge

' Hvis jeg lever lenger enn min ektefelle, skal Helse Midt-Norge arve alt som jeg måtte etterlate meg' skriv mannen i testamentet.

I vinter døydde trønderen over 90 år gamal. Familien ønskjer ikkje at namnet på den gåvmilde mannen skal bli kjent. Derfor kallar vi han "Lars".

Takksam for behandling ved sjukehusa

NRK har snakka med ein slektning av "Lars" som fortel at han alt i 2008 snakka om å gi nokre pengar til St.Olavs hospital i Trondheim og Sjukehuset Levanger.

St. Olavs Hospital

Alt i 2008 snakka enkemannen om å gi nokre pengar til St.Olavs hospital i Trondheim og Sjukehuset Levanger.

Foto: St. Olavs Hospital

Familiemedlemer hadde hatt gode røynsler med begge sjukehusa og "Lars" ville at pengane skulle kome til nytte der.

Sykehuset Levanger.

Familiemedlemer hadde hatt gode røynsler med begge sjukehusa og 'Lars' ville at pengane skulle kome til nytte både i Levanger og Trondheim.

Foto: NRK

Testamentet er skrive i 2011. Då levde framleis kona hans. I testamentet skriv "Lars":

" Hvis jeg lever lenger enn min ektefelle, skal Helse Midt-Norge arve alt som jeg måtte etterlate meg".

Og slik vart det. Inntekter frå sal av leilegheita hans forutan sparepengar, betyr at helseforetaket arvar rundt 5 millionar kroner.

– Viktig å skrive testamente

– Det var hans store sorg at han aldri fekk eigne ungar. Vi synes derfor det er mykje betre at pengane går til eit godt føremål, istaden for å bli spreidd på oss, seier slektningen.

Dordi E. Flormælen

Advokat i Helse Midt-Norge, Dordi Flormælen, velgjer også å sjå på gåva som ei anerkjenning av det arbeidet sjukehusa i Helse Midt-Noreg gjer for pasientane.

Foto: Helse Midt-Norge

– Mange einslege eldre med pengar i banken tenkjer kanskje lite over kven som skal arve dei. Hvis dei synes det er vanskeleg å fordele arven, er kanskje det å gje til eit godt føremål betre enn ein slump til meir eller mindre fjerne slektningar. Og då er det viktig å skrive eit testamente, meiner slektningen.

– Ei utruleg generøs gåve

Advokat i Helse Midt-Norge, Dordi Flormælen, sit med dokumentet som helseforetaket fekk då det vart einearving i vår. Det handskrivne testamentet er på ti liner - stempla og underskrive av to vitner.

– Dette er ei utruleg generøs gåve og vi er både audmjukne og takknemlege, seier Flormælen.

Ho velgjer også å sjå på gåva som ei anerkjenning av det arbeidet sjukehusa i Helse Midt-Noreg gjer for pasientane.

Dei rundt fem millionar kronene kjem ikkje til å hamne i det store driftssluket. Pengane skal gå til trivselstiltak og liknande ved Sjukehuset Levanger og St.Olavs hospital i Trondheim.

Helse Midt-Norge har alt bede sjukehusa kome med forslag til korleis pengane frå takknemlege "Lars" best kan heidre minnet om ein mann som alltid var opptatt av å hjelpe andre.

Uvanleg med så store pengegåver

Frå tid til annan donerer privatpersonar mindre pengegåver til sjukehus i Noreg som takk for god behandling. Det er heller ikkje uvanleg at sjukehusavdelingar får pengar som er samla inn i gravferder etter ønske frå avlidne.

I tillegg har fleire sjukehus fått til dømes medisinsk utstyr som PET-scannarar frå milliardæren Trond Mohn.

Men etter det NRK får opplyst ved andre helseforetak , kjenner ingen til at eit helseforetak er vorten einearving til eit så stort beløp tidlegare