Hopp til innhold

Full forvirring for gravide

Gravide kvinner i Ørland veit ikkje om dei har jordmor i kommunen fram til nyttår.

Gravid
Foto: NTB/arkiv / Scanpix

Det er herskar full forvirring kring jordmordberedskapen i Ørland kommune.

Vordande foreldre i kystkommunen får motstridande beskjedar om  jordmødrene i kommunen er på vakt eller ikkje fram til nyttår.

- Eg syns det verkar som eit fullverdig kaos. Det er veldig frustrerande for oss. Vi veit ikkje kven vi skal ha kontakt med og det verkar som kommunen har store kommunikasjonsproblem, seier Terje Giæver, som har ei kone som er ei veke over termin med parets førstefødte.

Beskjed via SMS

Gravide kvinner i Ørland fekk i helga beskjed via SMS om at den døgnåpne beredskapen var lagt ned med straksverknad.

- Kona mi ringte vakttelefonen, den var sett over til Orkdal Sjukehus. Dei måtte seie seg leie for at vaktberedskapen ved jordmortenesta i Ørland var lagt ned, seier Terje Giæver.

Må ta ut overtid

Det var på i kommunestyret på fredag det blei einstemmig vedtatt at beredskapen skal leggast ned ved nyttår.

Men jordmødrene hevdar dei har fått beskjed om å ta ut overtida si før årsskiftet. Det inneber at det ikkje vil vere døgnopen beredskap dei neste to vekene heller. 

- Vi har ingen beredskap no, den går gjennom legevakta slik den skal gjere etter nyttår. Vi er på kontoret og har kontrollar og er tilgjengelege i kontortida, seier hovudtillitsvalt for jordmødrene i kommunen, Erja Lilja Perera.

Feil informasjon

Men verksemdleiar for barne- og familieeininga i Ørland Eli Fosseng fortel nokon ganske anna.

- Per i dag har Ørland døgnkontinuerleg følge- og bereskapsteneste. Det vil vi ha fram til 1. januar 2008.