Hopp til innhold

Leiter etter 7000 golfballar

Stiklestad Golfklubb fryktar det er utanlandske tjuvar som stal 7000 øvingsballar i helga.

Tore Halvorsen, leder i Stiklestad golfklubb.

Dei 7.000 golfballane vart rappa frå denne automaten på golfbanen på Trones.

Tore Halvorsen, Stiklestad golfklubb

Tore Halvorsen i Stiklestad Golfklubb fortvilar etter at tjuvar i helga stal 7000 golfballar frå klubben.

Foto: TARIQ ALISUBH / NRK

Tore Halvorsen, leiar i golfklubben, trur tjuvane må ha hatt med seg bil og lempa ballane rett i bagasjerommet eller lasterommet.


– 7000 golfballar, det er tungt, og ikkje noko du berre kan bere med deg, seier han.

Stiklestad Golfklubb har no bestilt opp golfballar for over 30.000 kroner etter tjuveriet.

Også i Bodø er golfklubben frastole tusenvis av golfballar. Politiet trur det kan vere ein samanheng mellom tjuveria.

Har bestilt opp ballar med klubblogoen på

Det frekke tjuveriet vart oppdaga søndag formiddag, og må ha skjedd i løpet av fredag eller laurdag.

– Eg har fått høyre om tilsvarande hendingar andre stader i landet, mellom anna i Bodø. I fjor vart ein bil med utanlandske skilt stoppa på tur ut frå ein golfbane lenger sør, og tjuvane vart tatt på fersken med tjuvgodset i bilen, seier Halvorsen.

Og det er ikkje første gongen at golfklubben i Verdal opplever tjuveri; i fjor vart 2000 ballar stolne frå golfanlegget på Trones.

Ballane vart tatt frå ein automat som vart dirka opp.

Golfball-tjuveri på Verdal

Treningsballane som vart rappa, kan ikkje brukast ute på banane, berre til trening.

Foto: Tariq Alisubh / NRK


– Det er treningsballar, såkalla rangeballar. Dei går dårlegare enn vanlege golfballar, så tjuvane må ha ein tanke om at dei skal brukast på ein treningsbane ein eller annan stad. Truleg i utlandet, seier Halvorsen.

Reklame for lokale bedrifter var trykt på ballane, utan at det stoppa tjuvane.

– No har vi bestilt opp nye, med klubblogoen vår på. Vi håper at det vil gjere tjuveri litt mindre aktuelt.

LES OGSÅ: 4000 ballar borte, politiet fryktar bande

– Folk stel til privat bruk

Tyveri golfklubb

Her hos Stiklestad golfklubb har nokon dirka opp låsen til ein ballautomat og tatt 7.000 golfballar.

Foto: Tor Aage Hansen

Pål Melbye er anleggsansvarleg i Norges Golfklubb, og han har høyrt om slike tjuveri før.

– Dette er ei kjent problemstilling for mange golfklubbar. Sjølv om det ikkje er lov til å bruke den type ballar ute på banene, stel folk for å trene heime, slå på eit jorde eller utover sjøen ved hytta, seier han.

Det er fleire måtar å rappe golfballar på. Enten ved å dra til golfbanen etter stengetid og bryte opp låsen, eller ved å putte på pengar i opningstida, putte alle ballane i ein pose og ta med seg heim.

– Eg har til og med sett at vaksne kjem i bil og sender ungane ut med plastposar for å ta med ballar, seier Melbye.

Han trur ikkje det finst noko kommersielt marknad for brukte treningsballar.

– Ingen golfklubbar i Noreg vil bruke ballar som kjem frå ein annan klubb, seier han.

Han er òg skeptisk til teorien om at det er organiserte utanlandske kriminelle som står bak.

– Eg trur det er privatpersonar som gjer dette. Men det er klart, 7.000 ballar er veldig mykje, og eit så stort tjuveri er ikkje daglegdags, seier Melbye.